Er verkeleg norsk gass eit klimatiltak?

Norsk oljenærings viktigaste forteljing står for fall.

AMBASSADØR: Tidlegare olje- og energiminister Tord Lien (Frp) kjempa mot ENØK-tiltak i EU og for norsk gass, utan særleg hell. Her frå Sleipner-feltet i 2016. Olav Olsen

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Ein haustdag i 2014 sat olje- og energiminister Tord Lien (Frp) på flyet til Brussel. Han var på veg til det som skulle bli eit svært omdiskutert møte.

På seminaret EU-Norway Energy Conference fekk EU-leiarane ei åtvaring frå Noregs oljeminister: Ikkje innfør eit bindande mål om 30 prosent energieffektivisering innan 2030.

Løysinga for å få ein kostnadseffektiv overgang til fornybarsamfunnet var i staden å erstatte kolkraftverk med norsk gass.

Slik byrjar boka «Europa uten gass. Er norsk gass broen til nullutslippssamfunnet?», av tidlegare Unge Venstre-leiar Tord Hustveit.

Forma som ei studiereise rundt om i Europa angrip Hustveit ei av dei mest sentrale forteljingane om norsk olje og gass si rolle i det grøne skiftet. Forteljinga er formulert slik på nettsidene til bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass:

Mindre gass fra Norge vil ikke være gunstig for klimaet. Naturgass er løsningen til å motvirke vekst av kull og oppnå utslippskutt. Naturgass er også den perfekte partner til fornybar energi, da de to til sammen vil redusere kullutslipp og gi stabile energiforsyninger.

Forteljinga er viktig av minst to grunnar. For det første som forsøk på å selje mest mogeleg gass til Europa, så lenge som mogeleg, som var det Lien prøvde å få til i Brussel. For det andre for å rettferdiggjere tildeling av nye leiteområde for olje og gass, anten det er utanfor Lofoten eller i Barentshavet.

Sjølv om den norske staten og oljenæringa openbert prøver å mjøle si eiga kake, er ikkje gass som erstatning for kol i straumproduksjon eit utvetydig dårleg klimaargument. Gasskraftverk slepp ut langt mindre CO2 enn kolkraftverk. Å erstatte kol med gass er truleg òg langt billigare pr tonn CO2 enn isolering av hus og andre energieffiktiviseringstiltak.

Men likevel risikerer norsk gass å kome dårleg ut. Det handlar vèl så mykje om politikk og økonomi, som om klima. Men klimakrisa er likevel kjelda til problema:

  • EU aukar stadig ambisjonane for kutt i klimautslepp. Då blir det mindre rom all fossilt brensel, sjølv gass.
  • EU-landa må dessutan importere gassen, medan dei produserar kol sjølv. Sjølvforsyning er eit argument i EU òg. I tillegg er kollobbyen langt sterkare enn gasslobbyen i EU. Omsyn til arbeidsplassar i kolgruvene trumfar Liens kostnadsargument, sjølv om aukande prisar på CO2-kvotene i EU no råkar kolkrafta stadig hardare .
  • Sjølvforsyning og omsyn til arbeidsplassar er òg medverkande til at Lien tapte kampen mot energieffektiviseringa. Isolering av hus, legging av nye straumledningar og så vidare kan skape hundretusenvis av arbeidsplassar. EU vedtok difor sterkare krav enn dei Lien argumenterte mot.
  • Gasskraft er òg truga av prisfall på fornybar kraft og teknologiske nyvinningar innan distribusjon og lagring av elektrisitet. Som det kjem fram av sitatet frå Norsk olje og gass, er eit av hovudargumenta for gasskraftverk at dei skal sikre straum når vinden ikkje bles og sola ikkje skin. Men no har tyske ingeniørar klart å få kolkraftverk til å skru opp og ned produksjonen like kjapt som gasskraftverka. Dermed har gasskraftverka mista den fordelen.
  • Både i EU og elles i verda blir det dessutan satsa store summar på nyvinningar innan lagring og distribusjon av elektrisitet, som gjer at ein ikkje treng så mykje kraft frå justerbare kraftkjelder som kol-, gass- og vasskraftverk.
  • Som om ikkje alt dette var nok, er norsk gass truga av konkurranse frå andre gassleverandørar, spesielt frå Russland. Nord Stream 2-røyrledninga frå Russland til Tyskland, som venteleg vil opne neste år, vil åleine kunne frakte gass tilsvarande halve den norske produksjonen. Kombinert med lågare etterspurnad kan det presse gassprisane nedover.
Les også

Hans K. Mjelva: Å redde klimaet vil svi

Ordskiftet om framtida til norsk olje og gass har ein tendens til å bli noko svart/kvitt. Norsk gasseksport har truleg mange år med god inntening framfor seg. EUs eigen gassproduksjon går raskt nedover. Ein gong etter 2022 vil òg produksjonen frå eksisterande norske felt falle.

Samstundes er det grenser for kor raskt gass blir fasa ut i EU. Tre firedelar av gassen går til hushaldningar og industri, ein firedel til gasskraftverk. Mange industriprosessar vil vere avhengig av naturgass i lang tid, og å erstatte alle EUs gassfyrte komfyrar og varmtvassberedarar med elektrisitet vil koste enorme summar. Dessutan er slik bruk av gass energieffektiv.

Noreg eksporterte i 2017 gass for over 200 milliardar kroner, nesten like mykje som vi tente på oljeeksporten. Oljedirektoratet ventar at gassproduksjonen vil halde seg på dagens nivå minst fram til 2022, som er det lengste prognosen deira går.

Diskusjonen Hustveit går inn i handlar om Noreg skal satse på å byggje ut nye gass- og oljefelt. Sjølv er han positiv til å byggje ut i eksisterande områder, der det allereie finst rørledningar som kan frakte gassen ut.

Han er derimot skeptisk til å bruke milliardar på nye felt, som Barentshavet. Det er eit viktig poeng. Hadde oljeselskapa betalt gildet sjølv, ville dette berre handla om miljø og klima, og om ikkje «verdas rikaste land» burde bidra til klimabudsjettet ved å la vår olje og gass liggje.

Men fordi det norske folket betalar 78 prosent av investeringane, som skattefrådrag eller direkte støtte til oljeselskapa, handlar det òg om dette er smart bruk av felleskapets pengar.

Til no har skatteregimet tent Noreg vel, og sikra investeringar, produksjon og inntekter. Men risikoen for at framtidas produksjon blir ulønsam stig med kvart nye klimatiltak, med kvar krone CO2-avgiftene går opp, og for kvar nyvinning innan produksjon og lagring av fornybar kraft.

Kva kunne vi brukt desse milliardane til i staden? Burde vi til dømes heller investert dei i skulevesenet, i forsking og utvikling, i vekstfremjande skattelette? Den debatten bør vi snart ta.