Nu går alt så meget bedre

Det einaste som kan truge den økonomiske oppgangen i Erna Solbergs Noreg er Donald Trump.

OPPGANG: Det siste året har talet på utlyste stillingar auka kraftig, medan stadig færre går utan arbeid. Held veksten fram, slik SSB spår, blir det mindre oljepengar å dele ut for statsminister Erna Solberg, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Hommedal, Marit / NTB Scanpix

Publisert:

Det er få ting Høgre har meir å frykte enn høg arbeidsløyse. Det fekk statsminister Erna Solberg (H) merke då oljeprisen fall i 2015. Titusenvis mista jobbane, og Arbeidarpartiet fekk rekordmålingar.

Men takka vere regjeringas oljepengebruk, svak krone og internasjonal oppgang gjekk det etter kvart betre, noko som sikra Høgre valsigeren i 2017. Arbeidsløysa har sidan toppen i april 2016 gått ned frå 4,1 til 2,8 prosent. Då er både dei heilt ledige og dei på tiltak rekna med. Spørjeundersøkinga AKU viser ei tilsvarande utvikling.

Oljetunge delar av landet, som Rogaland, Aust-Agder og kommunane vest for Bergen fekk den største smellen under oljekrisa. Framleis er arbeidsløysa her høgare enn landssnittet, og enkelte kommunar slit tungt. I Sund og Øygarden utanfor Bergen var høvesvis 4,6 og 4,9 prosent registrert arbeidslause i august.

Men arbeidsløysa har gått kraftig ned på Vestlandet òg. I mange distriktskommunar er arbeidsløysa no så låg at bedriftene slit med å få tak i folk. I dei sju Hardanger-kommunane er til dømes arbeidsløysa i snitt ein prosent.

Og alt tyder på at utviklinga vil halde fram. Talet på utlyste stillingar aukar langt meir enn talet på arbeidslause. I snitt er det no nær 40 utlyste stillingar for kvar 100 arbeidsledige i Noreg, og noko mindre i Hordaland (34).

Les også

SSB anslår seks rentehopp

Bak desse tala ligg det store forskjellar mellom bransjar. Akkurat no er det flest ledige stillingar i høve til talet på arbeidssøkjande i bygg og anlegg, helse og omsorg, undervisning og ingeniør/IKT-fag. Det gjeld både nasjonalt og i Hordaland.

I helse- og omsorgssektoren var det ved utgangen av august nær 80 ledige stillingar for kvar 100 arbeidsledige i Hordaland. Høgst truleg betyr det at mange distriktskommunar slit med å få tak i folk.

Endringane har i stor grad kome det siste året. Det er til dømes utlyst meir enn tre gongar så mange ledige ingeniør/IKT-stillingar som for eitt år sidan i Hordaland. Veksten nasjonalt er endå større.

Og betre skal det bli, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). I førre veke la dei fram ein ny prognose som spår at Noreg går inn i ein høgkonjunktur mot slutten av neste år. Det er spesielt auka investeringar i oljesektoren som dreg opp, noko som lovar godt for Vestlandet.

SSB spår at arbeidsløysa vil falle fram til valåret 2021, medan lønningane vil auke langt meir enn dei har gjort dei siste åra.

Politisk ser det difor bra ut for Erna Solberg, sjølv om det svenske valet illustrerer at regjeringar slett ikkje alltid får utteljing i val, sjølv om økonomien går betre.

Trugsmålet mot norsk økonomi dei komande åra er først og fremst internasjonal. Spesielt handlar det om USAs president Donald Trumps handelspolitikk.

USA og Kina er på veg mot den verste handelskrigen sidan 1930-talet. Viss dei ikkje finn ei løysing vil dei innan utgangen av månaden ha innført straffetoll på varer verd 360 milliardar dollar (3000 milliardar kroner). Førebels ser ingen av partane ut til å gje seg.

Bryt det internasjonale, regelstyrte handelssystemet saman, vil små land som Noreg venteleg kome dårleg ut. Ifølgje SSB vil ein handelskrig kunne redusere veksten i verdiskapinga i Noreg (BNP) med eit halvt prosentpoeng i åra 2019–21. Endå verre blir det viss handelskrigen dreg oljeprisen med seg nedover.

Les også

Amerikansk økonomi går så det griner

I første omgang vil folk merke lite til nedgangen på lommeboka og arbeidsplassen. Ifølgje SSB sine utrekningar blir nedgangen i arbeidsløysa litt mindre, men den vil likevel gå ned. Like eins vil nedgangen i lønsveksten bli minimal.

Men det vil likevel gjere noko med stemninga. Folk vil bruke mindre pengar, og staten vil få mindre inntekter.

I scenarioet har SSB lagt inn ein nedgang på 20 prosent i den internasjonale aksjemarknaden. Det vil slå direkte inn i oljefondet, som vil bli mindre verd.

Då kan det bli vanskeleg for regjeringa å halde bruken av oljepengar i statsbudsjettet til under tre prosent av verdien til oljefondet, slik handlingsregelen tilseier.

Men ein ny økonomisk nedgangsperiode kan rettferdiggjere ein slik pengebruk, noko som kan bli ein fordel for Solberg fram mot stortingsvalet i 2021. Fleire vegar og offentlege bygg er som regel populært, og Solberg kan ta ein ny bit av Aps tradisjonelle rolle som sikraren av arbeid og velferd.

Prisen for ein handelskrig vil likevel kunne bli høg for landet på lang sikt. Noregs eventyrlege økonomiske vekst etter krigen er tufta på eit regelstyrt internasjonalt handelssystem. Og pengane Solberg kan bruke må takast frå framtidige generasjonar.