Kjem Trump til Noreg?

Ingen trudde at Trump skulle kome til USA. Den same fornektinga ser me her.

Publisert Publisert

TRUMP: Det er gode tider for oss dystopikarar, skriv gjestekommentator Morten Myksvoll. Foto: Scanpix

  • Morten Myksvoll
    Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker
  1. Leserne mener

I ei verd som går stadig meir av hengslene bør me ikkje verte overraska om ein hardbarka populist vinn eit val.

Partisystemet vårt har vore ein effektiv isolasjon mot denne populistiske kulden, men det skulle primærvalet i USA vere òg.

Og om ikkje anna, så skulle det vore umogeleg for Trump å slå det blå beltet av statar som Clinton kontrollerte. Men den isolasjonen vart broten i det republikanske primærvalet, og den vart sett fyr på i Wisconsin, Pennsylvania, og Michigan 8. november. Trump kunne ikkje vinne valet, men han vant.

Helseminister Bent Høie (H) listar i VG opp sju grunnar til at Noreg ikkje vil ende opp med ein Trump. Dette er i alt gode vurderingar, men det at me er langt unna i dag betyr ikkje at det går an å lukke døra.

Det er spesielt den sjuande grunnen, innvandring, som er merkverdig. Høie meiner at ein streng og føreseieleg innvandringspolitikk reduserer spenninga i samfunnet. Ja, det stemmer. Men i fjor, under den såkalla flyktningkrisa, flytta heile det politiske Noreg seg i Frp si retning. Det er ein endring som Framstegspartiet ikkje er særleg komfortabel med. Eg veit, eg har vore medlem der.

Les også

Trump står fast på de konservative hovedsakene

For er det ei haldning som definerer ei kjerne i Framstegspartiet, så er det «oss mot røkla». Partiet elskar å vere den eine, på utsida, mot alle andre. Partiet har posisjonert seg slik med stort hell. Når andre kjem etter, kjem det nokre utsegn om at «Frp hadde rett heile tida», før partiet byrjar å flytte seg. Dei ønskjer seg tilbake til «oss mot røkla» og det verkar ikkje lenger som om partiet har ei grense for kor langt dei kan gå i innvandringspolitikken.

Det er vanskeleg å sjå kor føreseieleg asylpolitikken kjem til å vere framover, både fordi Frp stadig vil utfordre grensene og fordi dei andre partia har vist seg i stand til å hoppe på plutselege stemningsbølgjer og innstrammingstiltak.

Eit anna parti som har sett sitt snitt til å kapre denne populistiske posisjonen, er Senterpartiet. Under Trygve Slagsvold Vedum har partiet tatt på seg eit meir populistisk slør, og deira bondske nasjonalisme har gjort dei til leiande i kravet om stengde grenser og auka proteksjonisme. Dei hadde både Schengen- og EØS-motstand å byggje på, så fundamentet har vore der lenge. Senterpartiet har allereie utløyst eit kappløp om å vere strengast i klassen på innvandring.

Dette kjem på toppen av ein allereie streng asyl- og innvandringspolitikk. For me har deportert born til krigsområde lenge. Våre to største parti fører ein relativ innvandringspolitikk, der tidsanda og Frp (og no Sp) får definere kva retning dei lener seg. Resultatet såg me i asylforliket i fjor haust: Hadde Trump visst kvar Noreg var, så ville han ha peika på kartet og jubla.

Når me allereie innfører politikk som Trump kunne ha applaudert, kva er då grunnlaget for å avvise at ein slik type kan bli valt i Noreg? For all del, Frp og Sp er ikkje Trump. Det er eit langt stykke frå å nytte populistiske grep til å utløyse eit klasse- og raseoppgjer, slik Trump har klart i USA.

Les også

Obama: – Trump vil møte virkeligheten

Eit trumpisk fenomen er å forkaste røynda til fordel for billege politiske poeng, og dette grepet er ikkje avgrensa til Frp og Sp. Eit døme er Ap-nestleiar Trond Giske, som denne veka påstod at ein kunne liste opp alle Trump sine politiske utsegn, og finne verre sitat frå leiande Frparar. Det stemmer rett og slett ikkje, men kven bryr seg?

Giske sitt utspel er berre nok eit teikn på at polariseringa går feil veg, og at det ikkje berre er populistar som driv den framover. I USA tok denne korrosjonen mange år og fleire valperiodar.

Etter Brexit i sommar og Trump i november har såkalla elitekritikk blitt eit elska grep på den populistiske fløya. Det er for all del ikkje noko nytt i Noreg. Carl I. Hagen har raljert med dei såkalla «skreddar- og vevarøkonomane» i årevis, men intensiteten er av ein ny karakter.

Eliten har gått frå å vere folk i etablerte maktstrukturar, til å vere eit synonym for «liberale». Den trumpiske populismen tilhøyrar ideologien «folket». Ikkje berre er dette ei forakt mot all verdas samfunnsvitskaplege ordbøker, dette polariserande høggiret er potensielt svært farleg.

Den norske partifloraen er vanlegvis variert, men er det ein styrke i møte med ein mogeleg ekstrempopulist? Eg tillèt meg å tvile. Eit ufarleg døme, er at Sylvi Listhaug langar ut mot «feministeliten» på grunn av pappaperm. Støtta til dette tiltaket er nemleg så brei i så mange parti, at Listhaug føler seg nøydd til å finne på eit omgrep for å definere motstandaren, for å konstruere ein duell – røkla har blitt oppgradert til eliten. Dette representerer ei gryande polarisering, og kjem berre til å fortsette. Ufarlege enkeltutspel kan bli til noko meir over tid.

Dei siste åra har eg kjent på denne gryande duelltendensen, som dyrkar eit slags tofløysystem. Jonas mot Erna er ikkje betre enn folket mot feministeliten. Samtidig merkar eg, ein liberal høgremann, at delar av Ap og SV står nærare meg enn delar av høgresida. Høgre-venstre-aksa som partia baserer seg på, er fullstendig utdatert, ja, sjølve partisamansetningane verkar ute av stand til å hengje med. Store veljargrupper føler seg marginalisert. Populistar i vekst vil redusere alt til å handle om to partar, og dei som står fast i gamle skiljelinjene er ute av stand til å reagere.

Det blir for enkelt å peike på måten det politiske systemet er bygd opp på i Noreg som ein slags garanti mot Trump. Norsk innvandringspolitikk vart snudd nesten opp ned på nokre veker i fjor haust. Den tilsynelatande varierte partifloraen sprang, nesten samla, etter Frp. Demokratiutviklinga har gått i bølgjer, og no går det nedover i verda. Me bør ikkje vere så sikker på at vår isolasjon mot kulde fungerer.

Det er gode tider for oss dystopikarar.

Publisert