USA har eit stort handikap i møte med koronaviruset: seg sjølv

Verdas mektigaste land verkar fullstendig ubudd på koronautbrotet.

Publisert Publisert

Anthony Fauci (til v.) og president Donald Trump på ein pressekonferanse i Helsedepartementet. Fauci er direktør i det nasjonale senteret for allergi og smittsame sjukdomar. Foto: Evan Vucci, AP, NTB Scanpix (Arkiv)

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er 19 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Laurdag oppmoda NTNU sine studentar i andre land å kome heim. Dette gjaldt spesielt dersom ein var i eit land med eit dårleg utbygd helsevesen eller der den kollektive infrastrukturen er dårleg.

Og så kom det: «For eksempel USA».

Meldinga vart raskt erstatta med ein ny, der USA var tatt ut. Skjermbiletet lever blant anna vidare på Fox News sine sider.

Men sanninga overlever òg NTNUs sletting.

For NTNU hadde rett. USA er frykteleg dårleg førebudd på koronakrisa.

For to år sidan stengde Donald Trump det amerikanske pandemikontoret, noko som gjer styresmaktene dårlegare rusta til å koordinere arbeidet i landet.

I februar skrytte han av kuttet. No nektar han for at han visste noko om det. Medan folk døyr av sjukdomen, prioriterer Trump å lyge.

Men USAs problem stikk mykje djupare enn Trump. Landet startar med eit stort handikap som landet gav seg sjølv lenge før Trump dukka opp i Det kvite hus.

Han berre gjer det verre.

I USA er helsevesenet svært komplisert organisert.

For dei med tilgang, held det svært høg kvalitet. For dei utan tilgang, er det dyrt.

Det er dette NTNU legg i «kollektiv infrastruktur».

Amerikanarane bruker nesten dobbelt så mykje på helsevesenet per innbyggar som oss nordmenn, om ein inkluderer både det private og offentlege forbruket.

Så det er ikkje som om amerikanarane sparer pengar på å drive på som dei gjer.

Sjølv i normale tider er eit slikt helsevesen djupt problematisk. I krisetider er det, vel, krise.

Les også

Trump har tatt koronatest

Koronaviruset krev at helsevesenet er lett å bruke og er rimeleg nok til at alle kan oppsøkje det.

Dersom nokon ikkje har råd, råkar det fleire enn dei. Viruset ser ikkje forskjell på fattig og rik, sjølv om helsevesenet er rigga slik.

Det vert både frykteleg dyrt og veldig farleg dersom mange vert smitta av nokon som ikkje har råd til å få hjelp.

Men sjukehuset er faktisk ikkje førstelinja når det gjeld smittevern. Folk må unngå å bli sjuke, for å ikkje sprengje kapasiteten til sjukehusa.

Sjukelønsordninga er førsteforsvaret. Når folk kan vere heime utan å frykte jobben, kan spreiinga gå ned.

I Noreg kan me ha ein diskusjon om omfanget, og det trengst. Men i USA går det debattar om ordninga i det heile tatt bør eksistere.

Les også

Hans K. Mjelva: Ein redningspakke til folket

Der finst det ingen nasjonale reglar for sjukepengar. Tolv av 50 delstatar har det.

I Pittsburgh vart sjukeløn innført som eit krisetiltak søndag.

Før krisa viste tala at halvparten av dei med lågast inntekt ikkje var dekka av ei sjukelønsordning.

Det er ikkje lett å få folk til å bli heime, spesielt når ein har politiske leiarar som sender ut feil signal.

Oklahoma-guvernør Kevin Stitt la ut eit bilete av seg sjølv og ungane sine laurdag, der han var på ein fullsett restaurant.

Søndag erklærte han unntakstilstand i delstaten.

Republikanaren er ein kjent vaksinemotstandar, noko som ikkje akkurat aukar tilliten til det politiske leiarskapet hans.

USA nærmar seg 4000 kjente tilfelle, men det er all grunn til å tru at det er store mørketal. Berre i delstaten Washington er det avdekka nesten 800 tilfelle måndag.

Delstaten er blant dei beste til å teste for sjukdomen, men blant dei med dårlegast i høve til å isolere pasientar, ifølgje Seattle Times.

USA har vist at dei kan før. Landet er vanlegvis kjent for å reagere kraftig på store kriser. Det går framleis gjetord om den gongen USA produserte 300.000 fly under Andre verdskrig, sjølv om kapasiteten før krigen berre var 3000.

Men kampen mot viruset krev heilt andre verkemiddel. Det viktigaste våpenet er eit godt helsevesen.

USA klarer kanskje å møte denne utfordringa òg. Om ikkje står landet på randa av ei humanitær krise.

Førebuinga står ikkje i stil med det amerikanske sjølvbiletet. Det gjer at mange liv står i fare. Først av sjukdomen, så av den økonomiske nedturen.

  • Vil du ha dei viktigaste nyheitene om koronautbrotet rett i innboksen? Meld deg på her.
Publisert