Det kan bli grønare på andre sida for Senterpartiet

No er Jon Askeland (Sp) storfavoritt til å bli Vestlands første fylkesordførar.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

KAN VELJE: – Jon Askeland (Sp) har fleire alternativ å velje mellom. Alle kan gjere han til fylkesordførar, skriv Morten Myksvoll. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen (Arkiv)

Ap er i fritt fall, Høgre står stille, Senterpartiet fossar fram. Det er status på siste Vestlandmåling før valet.

I Sogn og Fjordane vil fire av ti veljarar stemme på Jon Askeland og Senterpartiet. Det er ein framgang på seks prosentpoeng frå 2015 – men feilmarginane for tal brotne ned på Sogn og Fjordane er store.

Askeland nyt òg stor framgang i heimfylket Hordaland. Der får Sp 11 prosent, som er nær ei dobling sidan førre fylkestingsval.

I dag samarbeider Sp med Ap, KrF og SV. Det treng dei ikkje gjere etter valet. I vår opna Askeland opp for å gå over til høgresida.

Les også

Ny måling: Ingen ser ut til å kunne stoppe denne mannen i maktspillet om nye Vestland

Sp kan få fleirtal saman med Høgre, Frp og KrF. Men det er ikkje det einaste alternativet til Askeland. Han kan òg byte ut Frp med Venstre og MDG.

Det er færre alternativ på venstresida. Men om Sp får MDG med på laget, kan samarbeidet med Ap, SV og KrF frå 2015 bli utvida.

Og så lenge Sp kan sjå til båe sider, har dei sterke kort på handa.

Det store spørsmålet er kor godt samarbeidsklimaet vil vere til venstre. Det er nemleg ikkje vanskeleg å få senterpartistar i tale om kor dårleg samarbeidet er med Ap.

I førre veke vart krangelen offentleg. Då kom det tydeleg fram at Sp-toppane ikkje er nøgd med den personlege relasjonen til fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap).

Hestetun meiner derimot at heile krangelen er ein storm i eit vassglas. Det er forståeleg at fylkesordføraren reagerte på at to samarbeidspartnarar, KrF og Sp, køyrde eit eige utspel om ferjetilbodet i Sunnhordland.

Les også

– Ikke en fylkesordfører verdig å kjefte på den måten

Målinga er ikkje ei oppreising for Hestetun. Heller tvert imot: Den er ei katastrofe. Ap er framleis det største partiet, men berre så vidt.

Éin tredel av Ap-veljarane frå 2015 er vekke. Ap lek klart mest til bompartiet FNB og Sp, men òg til MDG, Høgre og SV. Dei einaste Hestetun klarer å lokke over, er tidlegare KrF- og Frp-veljarar.

Fallet frå BTs måling i mai er ikkje stort, men ein skal jo helst stige i valkampen.

Høgre kan glede seg over ein liten framgang, samanlikna med det dei ville fått om Vestland eksisterte i 2015. Men framgangen er på drygt eitt prosentpoeng. Det er lågt, når ein ser kor stor tilbakegangen til Ap er.

Lekkasjen til FNB, Sp og Frp må ta skulda for det.

Tilbake til Askeland. Han er òg ordførarkandidat for Alver Sp. Partiet hans er så klar for suksess på båe frontar, at dei har lansert ein ordførarkandidatreserve: Sara Sekkingstad, ho òg frå Radøy.

Det er ingenting å seie på sjølvtilliten til Senterpartiet, altså.

Publisert: