Skjelettet ramlar ut av bompengeskissa

Konsekvensane for bompengane i Bergen er avhengig av kven som vinn valet, og kva parti som vinn kampen om tolkinga.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

KRANGLAR: – Frp og Venstre er ueinige om korleis bomavtalen skal tolkast. Venstre kan vinne på ein utydeleg avtale, skriv Morten Myksvoll. Jan Tomas Espedal (arkiv)

Ved første augnekast ser det ut som bompengeavtalen er dårleg skrive. Det er nemleg vanskeleg å forstå heilt korleis bompengane vil bli framover.

Etter nokre dagars krangling om tolkinga, er det meir og meir tydeleg at avtalen berre er utydeleg. Det kan vere bevisst, og Venstre kan tene på det.

Det står svart på kvitt at staten skal bruke milliardar på «reduserte bompenger». Det må jo bety lågare takstar, slik at det vert billegare å køyre bil. Dette er Frps utgangspunkt, og eit tap for Venstre.

Miljøpartiet dei Grøne er einige med Frp i denne tolkinga. Thor Haakon Bakke (MDG) vil difor takke nei til meir statlege bybanekroner, fordi bompengekuttet er så hardt å svelgje.

Les også

I denne byen gjorde bompengepartiet et brakvalg. Men det holdt ikke til å stanse arbeidet med den dyre togtunnelen.

Får MDG makt etter valet, kan dette sette dei nye statlege milliardane til Bybanen i spel. Eit nei vil òg stoppe byrådets plan om å likevel bygge Fyllingsdalen-bana vidare til Spelhaugen.

Tolkinga av avtalen kan altså få store konsekvensar. Det ville vore veldig dumt om Bergen takkar nei til mykje pengar på feil grunnlag.

Fram til i dag har ein stort sett diskutert to ulike måtar å kutte bompengane på: eit flatt kutt, eller kutte mest i ytre bomring.

«Reduserte bompenger» kan faktisk bety noko anna. Den openberre tolkinga har me vore gjennom. Venstres tolking er hakket snedigare.

Då må me diverre ein tur innom Oslo. Der har Venstre foreslått å auke køprisen. Frp reagerer med sinne, men det ser faktisk ut til at Venstre har rett.

«Jeg hadde ikke hatt fantasi til å tenke at noen skulle komme på denne ideen engang», seier samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) til NRK.

Nei, nettopp. Men det hadde tydelegvis Venstre.

Les også

Morten Myksvoll: Ei skisse for landet

Dersom bomringen i Bergen tar inn mindre pengar til neste år, har bompengane beviseleg gått ned.

Sidan avtalen ikkje seier noko om korleis bompengekuttet skal skje, så treng det ikkje bli eit flatt (og lågt) kutt i alle takstane.

  • Høgare køprising vil føre til redusert biltrafikk i rushet. Trafikkfallet kan gjere at inntektene frå bomringen går ned.
  • Kutt i ytre bomring kan gjerast utan trafikkauke. For eitt år sidan var det null bompengar der ytre bomring står i dag. Det vil difor koste meir å køyre bil ute i bydelane enn før, uansett kor mykje ein kuttar takstane.
  • Redusert elbilbetaling kan òg bidra til å få ned bominntektene, slik regjeringa har blitt einig om. Ein større elbilrabatt vil òg gjere det meir attraktivt å byte frå fossil- til elbil.

At Frp ikkje fekk inn føringar på korleis kuttet skulle fungere, er heilt utruleg. Men dei hadde altså ikkje fantasi nok.

Les også

Erna kutter bare en brøkdel av bompengene

Bergen skal forhandle med regjeringa om ei ny bypakke etter valet. Det betyr at valvinnaren i Bergen får mykje å seie for korleis bompengekuttet vert innretta.

Bergen følgjer neppe etter Oslo og seier nei til bompengepakken, i det minste viss venstresida vinn valet.

På førre måling ligg det an til ein brei sentrum-venstre-koalisjon, der Venstre og MDG er ein del av fleirtalet. Her får neppe MDG gjennomslag for å takke nei til store, statlege overføringar.

Då er det meir truleg at dei, når valkampen er over, vil tolke avtalen slik Venstre gjer.

Den store utfordringa blir då å få slike kreative bomkutt gjennom i Stortinget. Frp kan jo alltids angre seg på avtalen som dei var strålane nøgd med i helga.

I så tilfelle er det bomkrise om igjen.

På høgresida er det litt meir komplisert.

Les også

Bomkrise i regjeringa: – Redninga for Erna er truleg å legge masse pengar på bordet

Høgre er så glad for at regjeringa vart einige, og Frp har ikkje skrytt så mykje av eit gjennomslag som førre gong dei forhandla om bompengar – i januar. Men den gleda varte ikkje akkurat så lenge.

Den store jokeren er uansett Folkeaksjonen nei til mer bompenger.

Dei meiner – ikkje overraskande – at kuttet ikkje er stort nok. Dersom kuttet blir på to kroner for Bergen, er det på nivå med den årlege prisstiginga.

FNB vil fjerne ytre bomring, ikkje berre kutte takstane. Dersom FNB er ein del av eit fleirtalssamarbeid etter valet, må dei ta stilling til pakken.

Dersom alle pengane vert brukte til takstreduksjon i ytre bomring, er det vanskeleg å sjå føre seg korleis FNB skal seie nei.

Det er trass alt den eine, store kampsaka deira.

Men sidan bompakken òg betyr meir bybaneutbygging, vil eit ja føre til høge bompengar i lang tid framover. Det er eit vanskeleg dilemma for protestpartiet.