Søviknes kan allereie ha vunne kampen om å bli Bjørnafjordens neste ordførar
Den Ap-leia koalisjonen har implodert.
- Morten MyksvollKommentator i BT
I 2019 tapte Terje Søviknes (Frp) kampen om ordførarmakta med knappast mogelege margin.
Ap, Sp, MDG, KrF og SV samla seg for å skifte ut den tidlegare Os-ordføraren. Trine Lindborg frå Arbeidarpartiet vart Bjørnafjordens første ordførar.
Koalisjonen har knaka i samanføyingane lenge. No er det ikkje lenger eit samarbeid å snakke om.
Trine Lindborg er ordførar i eitt år til. Men då ser det ut til å vere slutt. Fleire av partia som har samarbeida med Ap, ønskjer ikkje lenger å gjere det.
Difor er det nærast garantert at Terje Søviknes vinn vervet som ordførar etter valet neste år, før éin einaste veljar har gitt frå seg si stemme.
Les hele saken med abonnement