Byrådet skal hyre eit pr-byrå for å få BT til å skrive fleire gladsaker om Fisketorget
Ver så god, her er mitt bidrag.
- Jens KihlKulturredaktør
Dette er saka: Bymiljøetaten har funne ut at dei skal bruke 800.000 kroner på å få eit pr-byrå til å «produsere gladsaker i sosiale medier og BT/BA/Dagbladet» om Fisketorget. Det skal vere «gode, positive medieoppslag». Saka blei først omtalt i bransjebladet Kampanje.
Eg kan jo ikkje svare for korleis det blir i BA, men eg tippar tittelen inneheld eit ropeteikn eller to. I Dagbladet bør det vel helst vere ein pupp involvert for at dei skal kaste seg på. Men i BT, då? Den gamle Venstre-avisa må vel stille opp når Venstre i byråd bed oss om gladsaker på kommando?
Dermed stakk eg ned på Fisketorget i solskinet ein måndag etter jobb. Gladsak, gladsak, gladsak. Det er ingenting bergensarane elskar meir enn pr-byrå-produserte innsal. Her er det berre å levere.
Les hele saken med abonnement