Vi nærmar oss rentetoppen
Bustadprisane er på veg ned. Det er gode nyheiter for dei som tykkjer renta byrjar å bli for høg.
- Hans K. MjelvaKommentator i BT
I dag, torsdag, auka Noregs Bank renta nok ein gong. Berre 0,25 prosentpoeng denne gongen, ikkje 0,5 som mange analytikarar trudde. Men til gjengjeld varsla sentralbanken at det truleg blir nok ein oppgang i desember.
Men så er det truleg slutt. Noregs Bank venta i september at styringsrenta vil stoppe på tre prosent i byrjinga av neste år. Kanskje vil dei no stoppe på 2,75 prosent. I så fall vil renta på eit vanleg bustadlån stoppe på rundt fire prosent.
Les hele saken med abonnement