Lysbakkens avgang er dårleg nytt for Bergen
Audun Lysbakken går av på topp.
- Morten MyksvollKommentator i BT
SV gjorde eit godt val i fjor og har ein sterk posisjon som regjeringas føretrekte partnar. Slike avgangar er sjeldan vare.
Lysbakken har gått frå å skildre seg som ein marxist som ville leggje ned børsen, til å få SV-pilane til å peike rett opp. Då han overtok i 2012, var ikkje det openbert.
Få dagar før han vart valt som leiar, måtte han trekkje seg som statsråd i Jens Stoltenbergs regjering. Då hadde partiet vore gjennom ein lang leiarkamp, som i praksis fungerte som eit retningsval.
Lysbakken vart av mange sett på kandidaten til venstresida i SV. Partiet dreia meir oppover enn mot venstre.
Les hele saken med abonnement