Kampen om kuken

Norske gutar og menn lever under eit livsfarleg kroppspress. Likevel veit vi nesten ingenting om det.

Publisert: Publisert:

Den nye NRK-serien «Evy og alltid» er både gøyal og rørande. Éi scene bryt derimot ganske tydeleg med feelgood-stemninga i Sandnes.

(Åtvaring: Hopp over dei tre neste avsnitta om du ikkje vil vite korleis det går i serien.)

Storsjarmøren Jens er i ferd med å sjekke opp ei jente ute på byen. Seriens hovudperson Evy kjem bort og seier ho må snakke med han og tek han med inn på do.

Der blir det raskt klining, før Evy går ned på Jens. Så langt er alt vel: Endeleg skal dei to finne kvarandre, tenkjer sjåaren. Men så endrar stemninga seg brått då Evy opnar buksesmekken.

«Han berre ser litt trist ut», seier Evy, og ser på penisen til Jens: «Han har blitt gammal», held ho fram. Ho har nemleg sett den før. Jens er slett ikkje einig, men der må han stå og forsvare korleis penisen ser ut medan Evy fniser. Slik sluttar scena.

Du har nå lest dine gratis artikler denne uken. Bli abonnent for å lese videre.