Utan sjølv å bli umenneske

Det var sjølve livsgleda som vart slakta ned i Paris i går.

Å EUROPA: Du sit på fortauet med bøygd nakke, inntulla i eit fransk flagg.Har du ikkje vore akkurat her mange nok gonger no? Helge Skodvin

Å, Europa. Du sit på fortauet med bøygd nakke, inntulla i eit fransk flagg.

Skolissene held seg så vidt saman. Du har tatt på deg grøne sokkar for dagen, men det kjennest nyttelaust å minne om at det er lenge til vår. Lysa er brent ned.

Har du ikkje vore akkurat her mange nok gonger no?

Denne oppvakninga til gru. Sjokket. Sorga. Sinnet. Vona om at dersom ein blinkar med augo, går det over.

Les også

Satirens pris

I timane, dagane og vekene som følgjer, kjem analysane til å komme. Krava om hemn, om stenging av grenser og meir overvaking. Sjølv om svara er kjende på førehand, vil ein stille spørsmåla: Kvifor er Frankrike så sårbar for terrorisme? Kvifor trekkjer radikaliserte til denne sekulære staten? Kvifor er det slik at så stor overvekt av dei som sit i franske fengsel er muslimar? Kor stor er sjansen for at uroa spreier seg?

Og: Kva gjer vi no?

Ein må venje seg til det: Paris, København, Paris, ….?

Denne veka vart det kjent at tjue personar i det som til no har blitt omtalt som den farlegaste jihadistguppa i Frankrike, «Cannes-Tory-cella», skal i retten. Cella vart avdekt då politiet etterforska eit granatåtak mot ein jødisk grønsakshandel i september 2012. Gruppa skal ha band til IS i Syria, og tre av medlemmene var alt reist til Syria då politiet aksjonerte.

I august arresterte fransk politi ein fransk islamist som kom attende etter ei veke i Raqqa i Syria. Han skal ha vore instruert i åtak – «helst under ein konsert», ifølgje France24.com.

18. november tek fransk kampfly av frå hangarskipet Charles de Gaulle på veg mot fronten, der IS no kjempar og har lidd store nederlag, både i Irak og Syria.

Det kjem ikkje til å gå over . Førebels vet vi ikkje ein gong kor mange liv fredag den 13. november tok i Paris.

Åtaket var heller ikkje uventa. Det einaste som var usikkert var ikkje om det kom til å skje, men når . Førebels er det uklart om det var franske islamistar involvert, men varsla har vore mange, ikkje minst i Frankrike, landet med fleire Syria-fararar enn noko anna europeisk land.

«Frankrike ignorerer framleis radikaliseringstrugsmålet», sa den tidlegare franske justisminister Rachida Dati etter åtaka mot Charlie Hebdo til den britiske avisa Daily Telegraph. Ho hevda at Frankrike har feia problemstillingane under teppet og dermed skapt tidsinnstilte bomber, som trugar med å gå av om dei blir sett inn i ei høgare teneste.

Og den høgare tenesta finst der.

22. september 2014 kom IS’ leiande talsperson Abu Muhammad al-Adnani, med følgjande krigserklæring overfor Vesten:

«Dersom du kan drepe ein vantruande amerikanar eller europear – særleg dei hatefulle og skitne franskmennene, eller ein australiar eller kanadiar eller nokon annan vantruande frå dei vantruandes krig, inkludert menneske frå land som har inngått i koalisjon mot den islamske staten, stol då på Allah, og drep han på den måten ein enn kan».

Sivilist som militær, det går ut på det same.

Hilde Sandvik om Mullah Krekar:

Les også

NRKs mullaløft

Ifølge forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Thomas Hegghammer, er trugsmålet frå IS globalt førebels usikkert. Men, skriv han og Petter Nesser (begge frå FFI) i ein fersk artikkel i tidsskriftet «Perspectives on Terrorism»:

«Styresmaktene i Vesten bør utarbeide strategiske planar for eit scenario der IS går globalt. Dette tyder mellom anna å halde auge med nettverk av støttespelarar i Vesten, og tenkje seg nøye om i forkant om korleis ein skal reagere – politisk, diplomatisk og militært – på eit terroråtak frå IS. Dersom det skjer, vil det vere eit av dei mest venta åtaka i terrorens historie, og vi kjem ikkje ha noko orsaking for at vi ikkje var førebudde.»

Vi var så godt førebudde . Likevel var vi det ikkje.

Flemming Rose:

Les også

Han som kjemper mot fryktsamfunnet

Charlie Hebdo:

Åtaka i Paris var ikkje mot franske institusjonar, franske styresmakter eller statlege symbol, dei var retta mot alt liv som er godt liv; mot å gå ut og ete god mat, mot biletkunsten på veggene, konsertane på kveldane, mot fotballbanen, måla og venskapskampane.

Terroristane slo til der hovudsakleg unge, antirasistiske mulitietniske parisarar heng, plassar som representerer mangfald, påpeikte den britiske forfattaren Kenan Malik på Twitter: «Det terroristane forraktar, det dei prøvde å drepe, var vanlege menneske, som drikk, et, ler, er saman».

Åtaka var retta mot alle mellomromma, alt som ikkje er svart-kvitt, men grått. Det var retta mot den sona der det er rom for sameksistens, der sjølve tanken på at vi kan leve saman, er fienden.

Det einaste ein kan håpe på ein dag som denne er at alle vi som vil halde dette mellomrommet vidope, greier å gjere det utan å bli blinda av sinne. Det vi kan håpe på er at Europa kan finne eigne strategiar.

Europa, hyll deg inn i flagget i dag, men det kjem ikkje til å gå over no. Reis deg opp og lev med krigsfaren — utan å bli fanga i IS sitt spel, utan sjølv å bli umenneske.

Det er knapt byrja.