Løype i ørkenen

Problemet med vinter-OL har vore at Noreg har innkassert altfor mange medaljar.

Olav Olsen

Asbjørn Kristoffersen

Det trengst ikkje lenger gammaldags snø og is for å få i stand eit vinter-OL. Det trengst berre pengar. Steinrike, arabiske oljeland har for lengst snopa seg snø og is til heilårsbruk. Med skiheis i sanddynene og isdans med burka i Saudi Arabia og Emirata. Når OL på kunstsnø og kunstis i Korea og Kina er avvikla, må turen koma til palmelanda. Alle skal med.

Problemet med vinter-OL har vore at Noreg har innkassert altfor mange medaljar. Altfor få utlendingar har teke bryet med å konkurrera på fem mil langrenn på kladdeføre og ti kilometers lårverk på skøyter. Med fri flyt av astmamedisin. Så godt om blendakvitt har det vore i dei norske paradegreinene. Nasjonalistiske, norske bananer og poteter har heia på seg sjølve og to svenskar, to hollendarar, halv-annan tyskar og ein kvart, dopa russar. Altfor få har vore med.

Vi burde lånt ut Petter Northug til svenskane. Politisk überkorrekte svenskar elskar flåkjefta rabbagaster. Kinesarane kunne fått Ole Einar Bjørndalen. Gamlingar har høg prestisje i Kina. Om vi hadde fordelt alle som stod på venteplass til den norske OL-troppen, om alle svenskar og kinesarar og arabarar hadde fått tilgang til dei norske smørepalassa og dei norske astma-medisinane, kunne det blitt betre, multikulturell spreiing av medaljane. Det trengst.

Heia Kalla, heia Sverige!

Ingen blendaland vil lenger betala kister fulle av kredittkort og kontantar til den internasjonale, olymiske piratkomitéen. No må asiatane til pers. Hundretals millionar har fått råd til å stå på ski og skøyter og brett. Nye hundretals millionar skal heia på pampane. Og kinesarar skal visa Noreg vintervegen i langrennsløypene.

Heia Kina!

Heller ikkje treng vi lenger bekymra oss for at klimagassane skal smelta vekk dei kvite idrettane. Når innandørs sanddyner blir høge nok og bratte nok til olympiske krav for utfor og slalom, kan det bli vinter-OL heile året, nesten kvar som helst i verda. Men aller helst i land med mykje pengar og lite folkestyre.

Heia Saudi Arabia!