En historisk umulighet

Kristeleg Folkeparti er no så delt at partileiar Knut Arild Hareide ikkje fekk sjå heile regjeringsplattforma før han sat i landsstyremøtet.

MANNEN I MIDTEN: Knut Arild Hareide gjekk torsdag kveld av som partileiar etter å ha tapt med knappast mogeleg margin. Her er han på veg inn på KrFs landsstyremøte. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix

Publisert:

Torsdag klokka to gjekk partileiar Knut Arild Hareide inn i eit konferanserom på Gardermoen saman med eit femtitals andre KrF-arar. Der fekk han for fyrste gong sjå den avtaleteksten forhandlingsdelegasjonen, under leiing av nestleiar Kjell Ingolf Ropstad, hadde forhandla fram.

Prøv å tenkje deg situasjonen. Du er altså leiar for eit parti på veg inn i regjering, men du veit ikkje kva slags politisk plattform den regjeringa skal ha. Han skal rett nok ha sett delar av teksten, men det endrar ikkje poenget. KrFs partileiar har vore heilt avkopla prosessen med kva partiet skal gjere i regjering.

Det kan knapt ha skjedd før i norsk politikk. Det vitnar om eit dysfunksjonelt parti der tillit og samarbeid mellom blokkene er totalt fråverande.

På førehand var det venta at dei aller fleste delegatane ville røyste for at KrF skulle gå i regjering. Ja, det ville kanskje bli nokre proteststemmer, men her skulle ein følgje landsmøtet. Frå Hareides leir var signala dei same: No var det viktig å skape ro og samling.

Les også

BT20-Spesial: Er denne regjeringa dømt til å kollapse?

Men i rommet endra stemninga seg. Ein etter ein gjekk på talarstolen og gav klar melding om at dette kunne dei ikkje røyste for. Folk på raud side seier at det ikkje først og fremst var mangelen på sigrar som gjorde vondt, men dei tapa partiet må godta. Innstrammingar i innvandringspolitikken blir gjerne peika på som det mest krevjande.

Og sjølvsagt var det éin ting til, som ingen avtaletekst i verda kan endre: KrF skal i regjering med Framstegspartiet.

Faktisk gjekk det så langt at ei kjelde på ja-sida seier hen på eit tidspunkt trudde fleirtalet ville gå mot heile regjeringsprosjektet. Vatnet stod til ripa, og båten bar så vidt for Kjell Ingolf Ropstad: Han fekk 19 røyster med seg. Og 17 mot.

Så må det seiast at partiorganisasjonen nok er blåare enn landsstyret. Så Ropstads line har meir legitimitet enn det dramatiske resultatet kan tyde på. Men sjølv bråkmakarane i SV gjekk samrøystes inn i regjering i 2005.

Les også

Ropstad beklager abort-utspill: – Krøkkete sagt

Sentralstyremedlem Hilde Ekeberg skal i sitt innlegg til landsstyret ha sagt at «dette er den dagen der vi er på høgda av entusiasme for denne regjeringsplattforma. Etter dette går det berre nedover».

Ekeberg er ein av dei som har vore tydelegast for å gå til Ap, men eg trur sitatet er talande for korleis mange i KrF føler det no: Dette var dagen dei skulle innkassere auka barnetrygd, likeverdsreform, ein meir distriktsvenleg landbrukspolitikk og mange andre saker. I staden er det full krise og null entusiasme frå dag éin. Korleis skal ein skaffe oppslutning om noko sånt?

Etter åtte timar kom KrF-arane ut. Nokre grein openlyst, andre prøvde å skjule sigerssmilet. Om det er éi scene som kjem til å brenne seg fast i hovudet mitt frå torsdagens regjeringsdrama, så er det denne:

Etter at dei fleste har gått av garde, kom Knut Arild Hareide ut i korridoren. Fyrst blei han og heile koppelet av pressefolk ståande ute i ein foajé. Men etter kvart byrja den store haugen av fotografar, journalistar og rådgjevarar rundt Hareide å flytte på seg fordi rådgjevaren til Hareide vil ha han ut av pressemylderet.

Les også

Slik er regjeringsplattformen

Dermed kom heile hurven over i barområdet. Og ettersom det var blitt kveld, var området fullt av bilseljarar og forretningsfolk som vil ta seg ein fest. Plutseleg stod altså den slagne mannen, Knut Arild Hareide, i utkanten av ein sånn passe trist hotellbar.

Sjå for deg scena: Ein KrF-leiar mellom fulle forretningsmenn og diskolys og damer i for kort paljettkjole og tafsing og Bombadilla Life og «åtte jägerbombs, takk!». Og då slo det meg:

Knut Arild Hareide, korleis hamna du her?

Han ville ta partiet ut av ei utvikling med stadig dårlegare valresultat, eit stadig meir gråsprengt grunnfjell og litt smale markørsaker. Han ønskte seg eit breitt, verdibasert velferdsparti. Hans fløy tapte. For den raude fløya kjennest det no som om Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad skal ta seg jobb som linedansarar på Sirkus Listhaug.

Mange snakkar no om at det er viktig at KrF ikkje blir splitta. Den slags prat er det berre å gløyme. KrF er splitta.

På delar av den raude fløya var det nesten skadefryd å spore over Kjell Ingolf Ropstads famøse utsegn i partileiardebatten på NRK. Han sa «klarer du å bere fram eitt barn, bør du klare å bere fram to» om den kontroversielle abortendringa. Han har seinare orsaka utsegna, men dei mest bitre i hans eige parti bruker det som eit prov på at han ikkje forstår politikken. Sånt kan ein ikkje byggje eit parti på.

Les også

BT meiner: KrFs ikkje-siger

Ropstad skal ta over som KrF-leiar i april. Då vil det rett og slett vere ganske mange som ikkje heiar på han, hans prosjekt eller hans måte å styre på. Allereie piplar det inn meldingar om folk som vil stryke seg frå listene dei eigentleg hadde sagt ja til å stå på ved haustens val.

Internt i partiet snakkar ein gjerne om «det gule hjartet» som alle KrF-arar har. Men om indre organ har fått gulfarge, er det som regel fordi dei er alvorleg sjuke.

Den «historiske muligheten» til Kjell Ingolf Ropstad kan vise seg å bli ein historisk umulighet.