Går det mot Frp-mageplask?

Frp har det minst like tøft på Granavollen som KrF-arane har det.

Publisert: Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

TIL LANDS OG TIL VANNS: «Jeg kan garantere at det blir bompengefritt over hele landet», sa Frp-topp Bård Hoksrud til Nettavisen i valkampen 2013. Same haust kom Frp i regjering, og etterpå har landet sett ny bompengerekord. Her er Hoksrud i vasscooterkortesje i 2017. Vegard M. Aas, NTB Scanpix (arkiv)

For tida sit Frp-toppane på Granavollen og forhandlar regjeringsplattform. Når dei kjem ut av forhandlingane, skal dei så og seie rett inn i lokalvalkampen.

Det er fyrste gong sidan tidleg syttital at ei slik erklæring blir forhandla fram i eit lokalvalår. Det veit Frp-arane svært godt, og Siv Jensen har vore tydeleg på kva krav ho vil ha gjennomslag for i forhandlingane:

Det er bompengar som er den store saka no, skriv mellom andre TV 2. Over heile landet er det full fyr i bompengeteltet, og Frp slit med å vinne veljarar på det. I både Bergen, Stavanger og Sandnes konkurrerer Frp med lokale bompengelister. Den kampen må Frp vinne.

Men saka er vanskeleg: Frp har hatt samferdsleministeren sidan 2013, og Noreg set stadig nye rekordar i bompengeinnkrevjing. Sjølv om både Ketil Solvik-Olsen og Jon Georg Dale er svært dyktige politikarar, er det krevjande å halde på veljarane i ei sak der det skal enormt mykje til for å innfri.

I den gjeldande regjeringsplattforma fekk Frp med seg Høgre og Venstre på å «fortsette arbeidet med å effektivisere bompengesektoren for å redusere bompengebelastningen for bilistene». Den setninga luktar det ikkje valsiger av.

Førebels veit vi lite om korleis partia eigentleg ligg an inn mot kommune- og fylkestingsvalet. Det har knapt vore nasjonale lokalvalmålingar sidan tidleg i fjor haust. Det vi derimot veit, er at Frp så godt som alltid gjer det langt svakare i lokalval enn i stortingsval.

For tida har Frp ei oppslutning på stortingsmålingar på rundt 13 prosent, ifølgje nettstaden Poll of polls. Det er slett ikkje verst for eit parti som er inne i sitt sjette strake regjeringsår, sjølv om det er milevis frå toppnoteringane på 20 og 30 prosent tidleg på totusentalet.

Problemet er berre at Frp historisk sett har gjort det langt svakare i lokalval. I 2015 fekk Frp 9,5 prosent i kommunevalet, berre to år etter at dei innkasserte 16,3 prosent på Stortinget. Grafen viser korleis Frp dei siste tjue åra har gjort det mykje svakare i kommuneval enn stortingsval. Skulle den trenden halde fram, ligg det an til ein reprise av det svake 2015-resultatet.

9,5 prosent var det svakaste kommunevalet for Frp sidan katastrofevalet i 1991. Frp er ikkje lenger noko særleg til ordførarparti. Partiet har i dag ordføraren i Hvaler, Mandal, Os, Ulstein og Ullensaker. Mindre enn to prosent av Noreg bur i ein kommune der Frp har ordføraren. Frp har ikkje fleire ordførarar enn at alle kunne fått plass i ein taxi, som ein av delegatane sa på landsmøtet i fjor.

Dåverande Frp-nestleiar Per Sandberg sa den gong til Klassekampen at Frp måtte gå frå éinsifra til tosifra i lokalvalet: «Det er klart at under 10 prosent er alt for dårleg for oss», sa Sandberg.

PØLSER OG POLITIKK: Siv Jensen og Sylvi Listhaug delte ut pølser til delegatane før Frp-landsmøtet opna i april i fjor. Men har dei noko å dele ut til bom- og avgiftstrøytte veljarar? Heiko Junge, NTB Scanpix (arkiv)

I dei store byane, der det totalt sett er flest veljarar å hente, ser det ikkje lyst ut – men noko betre enn for fire år sidan. I både Bergen, Oslo og Trondheim kan det sjå ut til at partiet vakar rundt titalet. I Stavanger og Sandnes, der bompengestriden er på sitt aller hardaste, ligg Frp til dels vesentleg høgare.

Og er det ikkje eigentleg Frps tur no? I haustens statsbudsjett var det berre ei endring i eigedomsskatten som verkeleg smakte av Frp-siger. I Frp er opprøret mot regjeringsdeltakinga jamt veksande.

Men finansminister Siv Jensen må seie nei til kravet frå Frp-leiar Siv Jensen: Skal partiet få ein bompengesiger som merkast i meir enn i ordi, må det store pengar på bordet. Dei pengane finst ikkje om regjeringa skal følgje opp lovnadene i nasjonal transportplan, opptrappingsplanen for forsvaret og andre store vedtak.

Og dei andre partia veit det godt: Skal borgarleg side vinne tilbake dei store byane, kan ikkje Frp liggje på åtte-ni prosent.

Publisert: