Høgre i Lykkeland

Går det verkeleg an å vinne Vestlandet med innhaldslaus oljepopulisme?

Publisert:
Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

OLJEKOS: Høgretoppar frå Vestlandet meiner Ap bør lære frå «Lykkeland». Frå venstre byrådsleiarkandidat i Bergen, Harald Victor Hove, ungdomskandidat i Møre og Romsdal, Falk Øveraas, fylkesordførarkandidat i Vestland, Silja Ekeland Bjørkly og ordførarkandidat i Stavanger, John Petter Hernes Foto: Marita Aarekol

Høgres nye Vestlands-offensiv «vi elskar oljen» er så tom og bakpå at ein kan få vondt av å lese. Skulderklapsing og oljenæringas stolte historie blir sausa saman med halvkvedne viser om framtida.

Utgangspunktet er diskusjonen i Arbeidarpartiet om oljenæringa. Fleire partilag, inkludert Ap i Bergen, seier no nei til oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe). For så vidt det same som dagens borgarlege regjering gjer.

Men det som har skapt mest opprør i oljenæringa er at Aps energipolitiske talsmann, Espen Barth Eide, nyleg opna for å diskutere den såkalla leiterefusjonsordninga, i eit intervju i Klassekampen.

Høgres byrådsleiarkandidat Harald Victor Hove og fylkesordførarkandidat Silja Ekeland Bjørkly greip i helga saka an i eit lesarinnlegg i BT. Eide blir omtalt som «stortingsrepresentant fra Østlandet». Det set stemninga. Her er det pompøse frasar om den hardtarbeidande vestlendingen og livsfjerne austlendingar, og lite meir.

«Skal næringslivet i Bergen vokse trenger vi fortsatt oljeaktivitet», skriv dei to. I eit intervju i avisa får dei følgje av ordførarkandidaten i Stavanger, John Petter Hernes, som meiner at «Ap er på glideflukt vekk fra å tenke verdiskaping».

Kva Høgretoppane er ute etter, bortsett frå å fiske stemmer på Vestlandet, er det ikkje lett å forstå. Det er no fire år sidan bergensar, Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg skapte kollektiv depresjon i oljenæringa, ved å seie det sjølvsagde: Vi som nasjon må bu oss på ei framtid der oljen er mindre viktig. Vi må omstille industrien til anna verksemd.

Spørsmålet er om ein gjer landet og leverandørindustrien ein teneste ved å oppmuntre dei til å utsetje omstillinga så lengje som mogeleg?

Ifølgje FNs klimapanel må utsleppa av klimagassar nær halverast innan 2030, om vi skal klare å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader. I 2055 må det vere nede i null. Trur verkeleg Høgre-politikarane på Vestlandet at dette ikkje vil få konsekvensar for norsk oljenæring?

Høgre har sjølvsagt rett i at Vestlandet har ein industri å vere stolt av. Men politikarar skal sjå framover og handle, akkurat som Hernes forgjengar Arne Rettedal gjorde i Stavanger.

Hernes er opptatt av TV-serien «Lykkeland», men trekkjer feil lærdom. Serien viser kor farleg det er å klamre seg til ei næring for lenge.

Stavanger var på felgen då oljen kom, fordi næringslivet ikkje hadde klart å omstille seg vekk frå den døyande hermetikkindustrien. Høgre-politikaren Rettedal såg dette, og kjempa difor for ei omstilling til olje.

Publisert: