Først tok dei Georgia

Russland har herja med Europa i ti år, og me er i ferd med å sjå konsekvensane.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker

FÅR TURE FRAM: Den største faren ved at Donald Trump er president, er at han vil la Russland fortsette på sporet som Obama ikkje makta å stoppe. Ein kan ikkje avfeie faren for at Trump vil la Putin ture fram, skriv Morten Myksvoll. Foto: RIA NOVOSTI / X02356

Dei siste vekene har me sett ei voldsom eskalering av krigshandlingane i Ukraina, som Russland invaderte i 2014.

Donald Trump gjekk til val på ei mjukare linje mot Russland, og dei første indikasjonane tyda på at det kom til å vere tilfelle. Men så møtte FN-ambassadør Nikki Haley opp for første gong i tryggingsrådet. Der fordømte ho Russland sine handlingar, og slo fast at sanksjonane mot Russland skulle forbli intakt til dei trakk seg ut frå Krim-halvøya.

Det kvite hus støtta Haley i desse uttalelsane. Trump har tidlegare sagt at han trudde at bebuarane der ønskja å vere under russisk kontroll, og beundringa hans av Vladimir Putin er velkjent. Den største og mest umiddelbare faren ved at Trump er president, er at han vil la Russland fortsette på det intervensjonistiske sporet dei har vore på dei siste åra. Eit spor Obama ikkje makta å stoppe.

Når det gjeld sanksjonane, så virkar republikanarane i kongressen å stå hardt på at dei skal vere intakt. Dei ønskjer ikkje å legitimere russiske handlingar, og grunnlaget for det finn ein i nær historie. I 2008 invaderte Russland nabolandet Georgia. Krigen varte i fem dagar, og førte til at Russland anerkjente provinsane Sør-Ossetia og Abkhasia som uavhengige statar. Georgia, som ønskjer seg inn i NATO, fekk ingen militær støtte frå vesten, men George W. Bush ila sanksjonar på Russland. Under to år etter, i mai 2010, fjerna Obama desse sanksjonane.

Intensjonen var forsåvidt god, for han ønskja russisk samarbeid om atom-avtalen med Iran. Ein avtale, som igjen har auka russisk innflytelse og kontroll i Midtausten. Med blodige følgjer. Avtalen gjorde nemlig Iran i stand til å bidra militært i både Irak og i Syria, og i sistnevnte, til sterk støtte for det russisk-styrte Assad-regimet.

Atomavtalen med Iran må sjåast på som eit godt steg framover for å bekjempe iranske planar om masseøydleggingsvåpen, men den var òg nådestøtet for syrisk opposisjon. Avtalen gjorde òg Russland trygg på at dei hadde noko vestlege makter ikkje hadde: Uthaldenheit.

Det er alt for tidleg å vere trygg på Trump-administrasjonen sitt syn på Russland, og ein kan ikkje avfeie faren for at Trump vil la Putin ture fram. Det er rett og slett for mange skjær i sjøen framover, og me veit betre enn å tru at Trump har ei gjennomtenkt Russland-doktrine. Me kan tillate oss ein forsiktig og skeptisk optimisme. Men der Trump-administrasjonen tilsynelatande står opp for Ukraina, er resten av Europa trua. Der óg luskar Russland.

Det går no ein høgrepopulistisk akse frå Washington D.C., via London, og til Moskva. I løpet av året kan Paris og Berlin hekte seg på denne aksa, viss Le Pen vinn og Merkel taper.

Det er noko revolusjonerande nytt over det, det signaliserer at Russland har fått ein stadig sterkare internasjonal posisjon, og at skiljet mellom liberal og autoritær høgreside har blitt krystallklar.

Le Pen sitt Front National var dei første til å, uten skam, innrømme at dei hadde lånt pengar frå Russland. Det er ikkje tilfeldig at det var dette partiet som fekk støtte austfrå: Noko av det desse kreftene har mest til felles er ein europeisk antipati, samtidig som dei forfektar ein slags felles europeisk nasjonalisme.

Dei franske og tyske greinene av denne høgrepopulismen viser det kanskje tydelegast: Dei er imot europeiske fellesskap, men arrangerte likevel eit felleseuropeisk møte for å samle nasjonalistar til ein kongress. Dei foraktar byråkratiet og institusjonane i EU, men forsvarar det europeiske. Det kvite, kristne, Europa, altså. Ikkje heile Europa.

Den populismen me ser i Front National eller Alternative für Deutschland, er ikkje ein reell kamp mellom folket og elitar. Det er ytterleggåande elitar som dyttar folket framfor seg, for å ta Europa tilbake til ei, heldigvis, svunnen tid. Får dette fortsette, vil det samarbeidet som har garantert for verdsdelen vår sin lengste fredsperiode på mange hundre år bli varig svekka, eller vere historie. Kampen mottar støtte frå Russland og heiarop frå USA.

Russland er ingen stormakt, men driv billeg underminering av det europeiske fellesskapet. Først tok dei Georgia, og me stoppa dei ikkje. Så tok dei Krim, og me stoppa dei ikkje. Så Aust-Ukraina. Stoppa me dei? Nei.

Krigane i Syria har framstilt vesten som makteslause, og det same har invasjonane av Georgia og Ukraina. Europa har knapt stått saman om noko som helst etter finanskrisa i 2008, og det gjer at ytterleggåande parti kan vinne fram. I 2017 finn me ut om det spreier seg til Frankrike og Tyskland.

Under det amerikanske valet dominerte anklagar om russisk spionasje på Clinton-kampanjen, og frykta er at dei vil bruke etterretninga si for å påvirke veljarar i Europa òg. For kort tid sidan peika PST i retning Moskva då Arbeiderpartiet si stortingsgruppe vart utsatt for eit digitalt åtak. Ingen har klart å stoppe Russland dei gongane dei openlyst herja med Europa, som i Ukraina, Georgia, eller Syria. Korleis skal me stoppe dei i skjul?

Svaret er like openbert som det er politisk ukorrekt no. Den liberale høgresida må ta eit oppgjer med dei autoritære fløykameratane, slik ein har avkrevd frå venstresida i fleire tiår, og ein må finne saman med andre liberale for å forsvare det ein har vore med å bygge opp.

Publisert: