Litt meir sjølvtillit, takk

Når frykta for å tape blir større enn lysten til å vinne, endar alle opp som taparar.

TREKLØVERET: Fylkesordførarane i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane har forhandla fram ein avtale om samanslåing som dei ikkje ein gong sjølve står samla bak. Frå venstre Anne Gine Hestetun (Ap), Solveig Ege Tengesdal (KrF) og Jenny Følling (Sp). Paul S. Amundsen

Øyulf Hjertenes
Sjefredaktør

Ein tanke har slått meg: Er grunnstøytinga for det nye Vestlandet fylke eit uttrykk for at politikarane eigentleg ikkje vil? Er det derfor oppslutninga om ein region er så halvhjarta, så tappa for mot? Er det derfor kritikken mot forhandlingsresultatet er så småleg, så eigenrådig, så lite raus?

I vinter kom Vestlandsregionen på agendaen igjen. Bakgrunnen var motbakke i næringslivet, og reform i Kommune-Noreg.

Ein samla region vil gje ei heilt anna politisk slagkraft på Vestlandet. Den vil styrke lokaldemokratiet, og vere sterk nok til å ta over langt fleire oppgåver frå staten. Ein region vil også bidra til at næringslivet i regionen blir ein vinnar i ei framtid prega av blågrøne næringar.

Les også

Dette blir navnet på regionen du kan bli innbygger i

Dei tre fylkesordførarane innleia samtalar tidlegare i år. Samtalane blei til forhandlingar, og sist veke låg forhandlingsresultatet klart.

Reaksjonane dei siste dagane er ikkje anna enn deprimerande. Det er alle mot alle, mistenkeleggjering og krinsmeisterskap i å vere småleg. Det er mangel på sjølvtillit. Den store tanken om Vestlandet, og alt denne landsdelen kan få til, hamnar fullstendig i skuggen.

Nytt storfylke på Vestlandet vekker allerede strid

Alle tre fylka har fått sitt i innstillinga som no går til handsaming i fylkestinga. Kan hende er det punkt i avtalen som bør reforhandlast. Eitt av punkta som verkar merkeleg, er skiljet mellom veg og kollektiv. Eit anna er vrakinga av nynorsk.

Men er det heller viljen det står på?

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) i Rogaland leia an i skepsisen, og det på ein reint parodisk måte. Tengesdal var med å forhandle fram resultatet som dei tre fylkesordførarane la fram saman. Deretter gjekk ho i mot sitt eige forhandlingsresultat.

Er det veikskap? Er det mangel på ryggrad i møte med motstand i heimfylket? Vestlandet blir aldri samla når ikkje ein gong dei som skal forme den nye regionen har trua. Motstanden frå Tengesdal vitnar om ein politikar som eigentleg ikkje vil. Kva er då poenget med å forhandle?

Slik held det fram. Stavanger Aftenblad tek til orde for «sunn skepsis», fordi «faktum er at Rogaland fint framleis kan stå som eigen region».

Ja, verda vil gå vidare utan eit vestlandsfylke. Utviklinga vil halde fram som i dag: Lite politisk slagkraft på Vestlandet, og stadig meir av ressursane, arbeidsplassane og makta sentrert i hovudstadsområdet.

Vestlandsregionen blir trolig torpedert

Tenk om tilnærminga heller hadde vore: Kva kan vi få til saman? Kva med litt sunn optimisme? Kva med å vise kvarandre tillit?

Bergensavisen er også negativ. Bergen må seie nei, skreiv avisa på leiarplass. Bybanen kan ikkje bli styrt frå Rogaland, var eit av argumenta. To tidlegare Høgre-byrådar i Bergen, Harald V. Hove og Ragnhild Stolt-Nielsen, fronta det same synet.

Ingen av dei såg ut til å ha fått med seg at den nye fylkeshovudstaden skulle vere Bergen, med alt det fører med seg. Men viss ikkje Bergen får alt, kan det vere det same.

Slik fell Vestlandet for eige grep.

Slik endar alle opp som taparar.

Frykta for å miste viser også ein merkeleg mangel på sjølvtillit. Når kulturlivet i Bergen klagar over at kulturkontoret i det nye storfylket kan bli lagt til Sogn og Fjordane, gjer ein seg sjølv veldig, veldig liten. Bergen er ein fantastisk og blomstrande kulturby. Ingen trur vel at Hordaland fylkeskommune har vore regissøren.

Eit vestlandsfylke kan tvert i mot vere med på snu ei utvikling som går i retning av at stadig meir av dei nasjonale midlane går til kulturinstitusjonar i Oslo.

Politikarar i alle tre fylka burde sjå til institusjonar som Universitetet i Bergen. Under leiing av rektor Dag Rune Olsen har UiB spurt seg sjølv: Kva kan vi få til? Kva vil vi? Svaret er å vere med å gjere Bergen til Europas hovudstad innanfor marine næringar – maten i havet.

Mykje ligg til rette for at Vestlandet skal bli vinnar i ei blågrøn framtid. Regionen er verdsleiande innan havbruk, fiskeri, shipping, subsea – grunnlaget kunne knapt vore betre.

Tonen i næringslivet er også ny. I Bergen har Næringsrådet gått frå å vere flosshatt til å bli ei drivkraft for samarbeid i regionen. Også i bransjeorganisasjonane er det regionen som blir dyrka, fordi krafta ligg nettopp der: I summen av alle som er med.

Bergen er ikkje alltid seg sjølv nok, same kva Senterpartiet i Sogn måtte tru.

Ikkje Vestlandet verdig

Vegen fram er lang. Skal Vestlandet nå gjennom i dei store nasjonale prioriteringane i åra som kjem, må regionen stå samla, og regionen må ville. Men inntil vidare er det få politikarar i vestlandsfylka som evnar å løfte blikket opp frå eiga grend.

For kvart år som går med krangel mellom fylka på Vestlandet, held talet på byråkratar og direktorat i Oslo fram med å vekse. Den kraftige veksten i hovudstadsområdet gjer også at Austlandet kjem til å støvsuge budsjetta for offentlege investeringar i åra som kjem, både innan veg, bane og kultur.

Slik vil det halde fram heilt til regionane i Norge samlar seg og dannar ei reell motvekt, til beste for både regionane og hovudstaden. Til det trengst det reell vilje. Held vi fram som i dag, risikerer vi at Vestlandet bli stadig meir lik Alaska: Eksotisk, vakkert og irrelevant.