Ny tid for flyplassen

22.205 nytta flyplassen på Stord i fjor, ein kraftig nedgang sidan rekordåret 1998 med over 52.000 passasjerar. Torsdag starta arbeidet med nytt terminalbygg som gjer slutt på 15 års brakkeliv ved Stord Lufthamn.