Dyr i sirkus

Sirkussesongen er i gong. Barna strøymer til sirkusteltet der ei spennande og eksotisk verd av akrobatar, sjonglørar og dyr opnar seg for dei. Vi unner alle barn denne årlege forlystinga, men vi trur at sirkusopplevinga kan vere like bra utan framsyning av ville dyr.