Lund godtok videoovervaking

Lund-kommisjonen som granska dei hemmelege tenestene, hadde ingen innvendingar mot Overvakingspolitiet sitt arbeid i Treholt-saka.

OVERVAKA: Lund-kommisjonen – under leiing av høgsterettsdommar Kjetil Lund – hadde ingen innvendingar mot overvakinga av Arne Treholt (biletet), skriv BT-journalist Vidar Ystad. ARKIVFOTO: Jørgen Lohne
  • Vidar Ystad
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over 12 år gammel

Vi veit nå at kommisjonen gjekk grundig inn i Treholt-saka, også i bruken av utradisjonelle, ikkje lovheimla etterforskingsmetodar.

Overvakingspolitiet argumenterte med at dei ut frå naudrett hadde lov til å nytte ulovlege metodar for å avsløre Arne Treholt.

Det framgår av historieverket «Den hemmelige krigen» frå 1998, forfatta av historikarane Trond Bergh og Knut Einar Eriksen.

«Fremmed»

Denne oppfatninga delte ikkje nestoren i norsk strafferett og straffeprosess, professor Johs Andenæs. I 1990 slo han fast fylgjande i tilknyting til Treholt-saka og spørsmålet om naudrett for politiet:

«At politiet skulle kunne sette seg ut over de prosessuelle regler ut fra et konkret skjønn over hvor viktig det er å få saken oppklart, er fremmed for vårt straffeprosessuelle system».

Same året, i 1990, var dåverande overvakingssjef Jostein Erstad, med i eit regjeringsoppnemnt utval som gjekk inn for å tillate romavlytting. Utvalet var leia av fylkesmann og tidlegare forsvarsminister Alf Jakob Fostervoll.

Men framlegget vart ikkje fylgd opp av regjeringa.

I dag seier Erstad til Bergens Tidende at han meiner det i 1982-84 var «heilt forkasteleg» å drive romavlytting og videoovervaking utan å ha fått godkjenning på førehand frå retten.

Aksepterte

I dag veit vi at Lund-kommisjonen var kjent med videoovervakinga av Arne Treholt.

Etterforskingsleiaren i POT, Ørnulf Tofte, sat i ein heil dag og forklarte seg for kommisjonsleiar Ketil Lund om den elektroniske overvakinga av Treholt sin bustad.

Det er ikkje spor i rapporten av at kommisjonen hadde innvendingar mot videoovervakinga av Treholt og familien hans. Lund-kommisjonen omtala Treholt -saka utan å rette kritikk mot overvakingspolitiet.

Tvert om nytta Lund-kommisjonen formuleringar i rapporten som går langt i å akseptere etterforskingsmetodar det ikkje fanst lovheimel for.

I eit kapittel om naudrett skriv såleis kommisjonen:

«Også når formålet er å avverge straffbare handlinger, skal det antakelig mye til før nødrett vil kunne berettige bruk av ellers ulovlige metoder. Men kommisjonen utelukker ikke at det kan foreligge helt spesielle situasjoner der bruk av slike etterforskingsmetoder kan forsvares med nødrett når det er eneste utvei for å hindre alvorlige – eller fortsatt alvorlige – anslag mot rikets sikkerhet.»

Dette skriv kommisjonen til slutt i avsnittet etter å ha sitert synspunkta til professor Andenæs.

Dette kan vanskeleg oppfattast på annan måte enn at dei er usamde med Andenæs og — i motsetnad til det tidlegare overvakingssjef Erstad nå gjev uttrykk for - aksepterte videoovervakinga av Treholt.

Kritisk Andenæs

Kommisjonen unnlet å omtale videoovervakinga av Treholt, som ikkje var kjent under rettssaka i 1985. Derimot omtalar kommisjonen dei hemmelege ransakingane av Treholt sin bustad som var kjent under rettssaka.

Professor Andenæs var sterkt kritisk til dei hemmelege ransakingane. Og han kritiserte statsadvokaten for å ha lagt vekk saka då Treholt sin forsvarar melde overvakingssjefen og to tenestemenn til politiet for ulovleg ransaking.

Andenæs skreiv: «Kan en ransaking i strid med lovens regler være berettiget som utslag av nødrett? I utgangspunktet må svaret være nei.»

Heller ikkje her fylgde kommisjonen Andenæs.

Kvifor?

På denne bakgrunnen er det mange som nå har stilt spørsmålet om kvifor Lund-kommisjonen nå, meir enn 14 år etter at rapporten deira vart overlevert til Stortinget, kjem fram med opplysningane om videoovervakinga.

  • Kvifor fortalde ein ingenting om dette i 1996?
  • Kvifor venta ein i 14 år?
  • Kva vil ein oppnå i dag?
  • Kva er føremålet?
    Og som Treholt sin advokat, Harald Stabell, har spurd: Kvifor fortalde kommisjonen ingenting til Gjenopptakingskommisjonen som behandla gjenopptakingskravet frå Treholt i åra 2005-2008?

Det svaret kommisjonen sjølv har gjeve er at metodebruken i spionsaker låg på sida av mandatet. Difor vart metodebruken i Treholt-saka ikkje omtala.

Spørsmålet er då kva som har endra seg for Lund-kommisjonen i løpet av dei 14 åra som har gått?

Svaret

Det mest nærliggande svaret er at kommisjonen nå ser at metodebruken til overvakingspolitiet i Treholt-saka vil bli bretta ut i full breidde gjennom dei undersøkingane som Gjenopptakingskommisjonen og EOS-utvalet nå skal gjere. Då ville det kome fram at Lund-kommisjonen har kjent til - og akseptert - metodebruken utan kritikk.

I denne situasjonen var det beste kommisjonen kunne gjere å seie som det var: Kommisjonen var kjent med metodebruken, men definerte saka som å ligge utanfor eller på sida av mandatet.

Men spørsmålet står der framleis: Kvifor brukte kommisjonsleiaren ein heil dag på å avhøyre etterforskingsleiaren i ei spionsak som var avgjort med rettskraftig dom, om forholda låg utanfor mandatet?

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!

Publisert: