Verdien av sexkjøpslova

Etter 13 år med sexkjøpslov i Sverige er alle partia der samd om at lova skal behaldast. Ein ny og blå regjering her heime går derimot for å avvikle han.

MENNESKEHANDEL: Det er om lag 25 rettskraftige dommar i menneskehandel i Noreg i tidsrommet 2003–2012. Om lag 50 prosent av desse er frå Bergen. Dei aller fleste sakene gjeld utnytting til prostitusjon. VEGAR VALDE

Ivar Jørdre

Stortingsvalet 2013 er over. Visse ting i det borgarlege Noreg vert om lag det same, mens noko kan endre seg dramatisk.Høgresida vann valet. Høgre, Venstre og Frp ønskjer å avskaffe sexkjøpslova. KrF vil ha lova og fekk ho gjennom saman med dei raud-grøne. Kva så om ho vert avskaffa, vil kanskje nokon seie. Det er då ein lyt stoppa opp litt og sjå på kva den norske sexkjøpslova er for noko og korleis ho har virka.

Fattige prostituerte

Sexkjøpslova vart innført i 2009 for å motverke menneskehandel og prostitusjon. Frå og med det året vart det kriminelt å kjøpe seksuelle tenester i Noreg. Dette gjeld også i utlandet for norske statsborgarar og personar heimehøyrande i Noreg. Straffa for å kjøpe sex kan vere bøter eller fengsel på inntil seks månader, i nokre tilfelle fengsel i opptil eitt år. Før lova vart innført, var det ikkje mogeleg å straffeforfølgje sexkjøp. Med kriminaliseringa av kjøp av sex, tok ein opp kampen mot prostitusjon og menneskehandel på ein heilt anna måte. Dei prostituerte er ofte fattige, utan andre inntektsmoglegheiter og har ikkje sjanse til å kome seg ut av systemet. Fordi det i dei fleste tilfelle er kvinner som er dei utsette, vert sexkjøp også gjerne sett på i eit feministisk perspektiv som kvinneundertrykkande.

Kamp mot menneskehandel

Desse viktige elementa lova kan førebyggje vil ikkje høgrekreftene sjå på i det heile teke. Dei ser berre på lova som eit hinder for dei få som seier dei driv sal av sex på såkalla fritt initiativ og den «individuelle fridom» til kjøp og sal av sex. Sexkjøpslova i Noreg er spesiell fordi forbodet også gjeld i utlandet. Det vil seie at sjølv om sexkjøp er lov i landet ein oppheld seg i, kan ein bli straffa fordi ein er norsk. Grunnen til at forbodet også gjeld i utlandet er at særleg sexhandelen har blitt internasjonalisert, såkalla trafficking, og den aukar i omfang. Både FN, EU og Europarådet har arbeidt for å ta tak i problemet. Når det norske forbodet også gjeld når nordmenn oppheld seg i utlandet, er det for å gjere lovgjevinga meir effektiv i kampen mot menneskehandel og internasjonal prostitusjon.

13 år i Sverige

Ei slik lov er ofte vanskeleg å handheve, særleg i utlandet. Handlingane rundt sexkjøpet er mykje skjult. Verken den prostituerte eller sexkjøparen er interessert i å melde tilhøvet. Den prostituerte skil seg difor frå offer i andre overgrepssaker. Men i staden for det lettvinte i å avskaffe lova, må ho styrkast! Fleire ressursar til politiet, domstolane og dei som arbeidar med å få prostituerte ut av prostitusjonen. Politiet må ha ei eige spesialgruppe, helst ved alle politidistrikt og i dei største byane. Slike spesialgrupper har dei i Sverige.

Sexkjøpslova har vore effektiv, førebyggjande mot brotsverk og eit våpen mot menneskehandel, seier kriminalinspektør Simon Häggström ved Stockholmspolitiet si prostitusjonsgruppe. Slik oppsummerer han dei snart 14 åra som Sverige har hatt sexkjøpslova. Prostitusjonen er redusert og hallikane og sexindustrien som står bak dei prostituerte ser nå på Sverige som ein dårleg marknad å etablere seg på. Færre sexkundar medfører at menneskjehandlarane ikkje lenger får den fortenesta dei forventar, fortel Häggström. Han viser til at før var det om lag 3000 prostituerte i Sverige, i dag er det max 1000. Før kunne det vere 70–80 prostituerte på same natt i Malmskildnadsgatan i Stockholm, no er det max 10-15, og også kveldar utan prostituerte. Menneskjehandlarane får rett og slett ikkje nok forteneste ut av den svenske sexmarknaden, fortel han.

Dei unge er positive

Eit anna interessant trekk ved sexkjøpslova i Sverige er bakgrunnen. Bakgrunn for lova i var rett og slett likestilling. – I eit likestilt, moderne samfunn er det ikkje akseptabelt at ein kan kjøpe menneskekropp. Når det ikkje er lov å kjøpe sex, held menn seg frå å kjøpe sex, meiner Häggström.

– Dette er ei lov som er for den store majoriteten av prostituerte. For dei aller fleste vi møter gjennom jobben, er det kvinner som ikkje har noko val. Dei seljer sex for å overleve, for å ha mat til borna sine, seier kriminalinspektøren. Han understrekar at lova er eit av fleire tiltak for å hjelpe dei prostituerte. Dei sosiale hjelpetiltaka for å få dei ut av prostitusjon er mange i Sverige.

Tre år før lova kom, var 67 prosent mot henne. No sluttar 70 prosent opp om lova. Oppslutnaden om lova er særleg stor blant dei unge. Lova er heller ikkje politisk kontroversiell slik som i Norge.

– Alle partia som sit i regjeringa, samt opposisjonen er samde om at lova er bra. Det vert nok ingen politisk omkamp om den svenske lova, avsluttar Simon Häggström.

«Noreg mitt Noreg»

Kva hender så i dette landet? Først eit spark til VG. Det ser ut til at avisa driv reine kampanjen mot sexkjøpslova med sine skriveriar. VG Helg hadde for nokre månader sidan eit lengre portrettintervju med prostituerte Hege Grostad, og sidan både nettmøte og fleire artiklar om ho. Ikkje nok med det! I innlegget «Anstendig forslag» skriv Noreg sin kanskje mest reaksjonære politiske kommentator, Astrid Meland, m.a. det utrulege at «Desto strengare regulert sex er i et samfunn, desto meir kjøpesex er det».

Dette rotar ho saman med kjønsjukdomar og talet på utru menn i Jemen på 1960-talet. Kva for noko? Vidare at forbodet mot kjøp av sex ikkje verkar, fordi det ikkje vert færre prostituerte, og fordi prostitusjonen med forbodet vert tvungen under jorda, som det heiter seg. Dette er påstandar ein stadig høyrer og dei er stadig like lite grunngjevne. Sexkjøpslova er berre fire år gammal og førebels er få undersøkingar gjort av verknadene av ho. Justisdepartementet skal no evaluera virkninga av lova.

Rettskraftige dommar

I mellomtida kan nokre viktige fakta serverast: Det er om lag 25 rettskraftige dommar i menneskehandel i Noreg i tidsrommet 2003–2012. Om lag 50 prosent av desse er frå Bergen. Dei aller fleste sakene gjeld utnytting til prostitusjon (22 av 25 dommar). To av sakene gjeld utnytting av mindreårige til prostitusjon (kjelder: Politidirektoratet og Hordaland Politidistrikt). Ifølgje Oslo Politidistrikt meiner dei ser at talet på unge menn som kjøper sex er redusert etter innføringa av sexkjøpslova. Vidare evaluering av lova sine verknader vil truleg kome med fleire fakta. Menneskehandel er verdas nest største form for kriminalitet målt i profitt (FN). Om lag 40 prosent av alle ofre for menneskehandel er under 18 år (FN og OSSE). Noko å tenkje på dette for motstandarane av sexkjøpslova? Kampen for framleis og styrkja sexkjøpslov er i alle fall på ingen måte over.