Kommuneregjering i Kvinnherad

Som kjent vedtok Kvinnherad kommunestyre den 25.04.02 å søkja Kommunal- og regionaldepartementet om innføring av såkalla miniparlamentarisme. Diverre følgde ikkje me i rådhuset opp med søknad til departementet som føresett, og på eit seinare kommunestyremøte måtte me vedgå at «toget» var gått i høve til tidsfristen.