Kommunalt buksepiss

Utan spørsmålsteikn vert det i BT tysdag 16. januar fortalt om dei mange kommunane som vil, eller er i ferd med å selje kraftaksjar (les: krafteigedomane sine). Eit rådgjevingskontor (les: pengeplukkarfirma) har i lag med forskarar frå handelshøgskulen funne ut kor sugne kommunane er på kroner i kassa. Og ein feit sparegris skal illustrere kor «rike» kommunane vert.