Bergensklima

Bauekorps er eit av dei få friromma der vaksne ekspertar på barndom ikkje har teke bukta og båe endane, skriv Asbjørn Kristoffersen.

Publisert Publisert

VÅRTEGN: Markens Bataljon marsjerer i Marken. Foto: Rune Meyer Berentsen (arkiv)

  • Asbjørn Kristoffersen
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Kom naglebit og blåfrosen nase, kom snøskavlar og isholke, kom influensa, straumprissjokk og billeg­sal på påskesnop. Kom kva som helst: No marsjerer bauekorpsa. No er det vår i Bergen. Har du noko å innvenda, er du ikkje integrert. Lettkrenkte tvilarar og vantru får anten halda kjeft, eller dra tilbake dit dei kom ifrå. Til Kyrkjebyrkjeland, Frognerseteren eller Ytre Mongolia.

Søndag tromma Markens Bataljon seg som første korps ut, eit av dei heller små bauekorpsa. 24 kjua­gutar var mønstra til flaggtoget på 17. mai i fjor, ein liten framgang frå året før. Til søttendes i år satsar sjefen på å stilla over 30 gutar på line, melder BA. Ingen blir lenger fødd på ein tinntallerken i Marken. Heller ikkje på eit sølvfat på Nygårdshøyden. Dagens offiserar, soldatar og rævadiltarar må rekrutterast frå halve byen og heile strilelandet. Men på sine historiske einemerke marsjerer dei vidare, slik Markens Bataljon har gjort i 159 år. Gå ta’ banen, dokkar. De’ e’ te’ få klomp i halsen og hjerteflimmer uta’.

Kom ikkje her og snakk om militarisme. Dette er gutar som styrer seg sjølve, slik gutar har gjort sidan Adam gjekk i bleier. Utan innblanding frå foreldre og pedagogar og terapeutar. Bauekorps er eit av dei få friromma der vaksne ekspertar på barndom ikkje har teke bukta og båe endane. Der snåttaguttar av eigen, fri vilje øver seg i disiplin og shuffleboard. Alle ska’ ha’ rå’ te vere me’ og alle ska’ vere tjommiar, samme ka’ moren e’ født. Der ungdomar øver seg i planlegging og økonomi og human relations og tek ansvar for ungar dei ikkje er i slekt med. Utan betaling. Der vaksne folk berre slepp til som støtte­spelarar, i gamlekarkompani og mødre pelotongar. Berre i Bergen. Berre så det er sagt.

Tromming skal det bli, så det gjallar i gater og smau, like til jonsok. Marsjering og defilering og konkurransar og utmarsjar og landturar skal det bli, og den bergenske våren skal stå meir og meir til truande. Eg heiar på Markens Bataljon. Eg heiar på alle byens bauekorps. Eg flyttar ikkje til Ytre Mongolia. Ikkje til Frognerseteren heller.

Publisert