Strilar øyder bergensk kulturarv

Det var stil yver Vestmannalaget då laget var nyskipa på 1800-talet. Den sentrale mannen attum skipingi var Henrik Krohn, ein klok og vitug mann. Som eit minne etter Krohn stend «Henrik Krohn og Hustrus Legat til fremme af Maalsagen eller det norske Maals Gjenreising». Logi for legatet fekk «kongelig stadfesting 15de December 1906».