Debatten skadar ingen

Fjordman har ikkje fått ein pris og han har ikkje blitt hedra av Fritt Ord. Han har søkt om prosjektstøtte, og fått 75.000 kroner.

REINVASKING: Me veit mykje om kva me får når Peder Are Nøstvold Jensen, alias Fjordman, skal gje ut ei bok om sine tankar knytt til 22. juli-terroren. Han vil nok forsøkje å reinvaske seg frå å ha vore ein sentral inspirator for terroristen. ARKIVFOTO
  • Morten Myksvoll
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over åtte år gammel

Når Fjordman får 75.000 kroner til å fullføre bokprosjektet «Witness to Madness» er det forståeleg at folk reagerer. Det er likevel gode grunnar til å forsvare tildelinga, samtidig som at ein tar avstand frå mannen og meiningane.

Uredd stemme

Det kan ikkje ha vore ei lett avgjerd for Fritt Ord. Dei visste akkurat kva vepsebol dei stakk handa si inn i, og dei visste betre enn oss alle kva tildelinga gjekk til. Dei har lest deler av boka, og veit kva som ventar. Likevel gjorde dei det dei meinte var riktig. Når ein ifølgje formålsparagrafen skal «verne om og styrke ytringsfridomen og den sine vilkår i Noreg», så forpliktar det.

Organisasjonen har bunde seg til ein «uredd bruk av det frie ord.» Sjølv om det ikkje er slik at ytringsfridom kan målast i kor mykje prosjektstøtte Fritt Ord deler ut, så forpliktar det òg.

Ikkje hedra

Fleire omgrep blir brukt i debatten, og det er behov for å rydde opp. Peder Are Nøstvold Jensen, som er namnet bak pseudonymet Fjordman, har ikkje fått ein pris og han har ikkje blitt hedra av Fritt Ord. Han har søkt om prosjektstøtte, og fått 75.000 kroner.

Fritt Ord er ikkje immun mot kritikk. Fleire som har reagert på reaksjonane mot Fritt Ord later til å tru det. Det er fullt mogleg å vere forferda over tildelinga, og det er mogleg å meine at Fritt Ord har tabba seg ut, utan at ein med det er ein motstandar av ytringsfridom.

«Moderat Islam»

Så, kven er denne Fjordman? Han har vore ein sentral inspirator for Anders Behring Breivik, og bodskapen hans startar og sluttar med eit hat mot både Islam og muslimar. Han trur på konspirasjonen om Eurabia, eit Europa dominert av Islam. Han er ein dommedagsprofet, han ser for seg ei blodig borgarkrig mellom religionar og har gitt opp håpet om ein ikkje-valdeleg «løysing». Problemet, ja det er Islam. Han fornektar til og med at det finst noko som heiter «moderat Islam».

Hans tolkning av Islam liknar på den som dei mest ekstreme islamistane sjølv kjem med. Han er svært lik både wahhabistar, al-Qaeda og Taliban. Fjordman ser ekstremistar på kvart gatehjørne, og har svart ved å blitt ein ekstremist sjølv. «Witness to Madness» kunne altså vore ein sjølvbiografi.

Me veit mykje om kva me får når denne mannen skal gje ut ei bok om sine tankar knytt til 22. juli-terroren. Han vil nok forsøkje å reinvaske seg frå å ha vore ein sentral inspirator for terroristen, og me veit kven han vil skulde på. Dette er føreseieleg.

Hatefull

Bodskapen hans er kvalmande og hatefull. Når utgangspunktet er at han hatar muslimar er det ikkje rart at han finn rare årsakssamanhengar for å forklare verdsbiletet sitt. Han respekterer ikkje dei verdiane me er bygde på, og er villig til å bruke anti-demokratiske verkemiddel for å bote på eit problem som berre finst i hovudet hans.

Fordi at han har ei slik sentral rolle i forminga av terroristen, så vil det for både samtida og ettertida vere interessant å få heile historia, sett frå hans synspunkt. Som samfunn blir me smartare og meir opplyst av det, men det gir oss også mange utfordringar. Korleis skal me takle innhaldet? Korleis skal me møte det for å kjempe mot at slike grufulle haldningar spreier seg? Fritt Ord gir oss ein sjanse til det, utan å måtte grave oss djupt inn i den brune bloggverda der han likar seg best. Debatten skadar ingen, men orda hans kan gjere det.

Å vere uredd og modig er ord som alt for ofte blir slengt rundt i debattar om ytringsfridom. Fritt Ord har fortent dei.

Publisert
BT anbefaler

Ung mann funnet død i Loddefjord: – Fremstår som om han har vært død en stund

Tirsdag klokken 19 fikk politiet melding om at det var funnet en død person i Loddefjord.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. – Han er forberedt på lang straff

  2. Ingenting stemte da politiet stanset bil i Øygarden

  3. – Det vil skape litt kødd for oss

  4. Hele Tårnplass stenger når Sian kommer. – Det er provoserende.

  5. Her er Vestland-profilane sine krav

  6. Helse­departementet avviser at det blir varslet full gjen­åpning fredag