Ei skam for landet vårt!

Eg trudde ikkje mine eigne øyre då denne meldinga kom gjennom radioen onsdag. Regjeringa foreslår å leggje ned Red Cross United World College i Flekke! Det er ikkje noko anna resultat av framlegget om å ta vekk heile statsstøtta til UWC frå neste haust.