Landet med fornybar energi

Me må sløsa mindre, vera mindre mobile og ekspansive, og bruka mindre energi.

Publisert Publisert

GRØNT: BT framstiller Noreg som eit tapar når det gjeld fornybar energi på leiarplass. Men ikkje noko land i verda har så høg andel fornybar energi som Noreg, skriv Trygve Refsdal.

Trygve_Refsdal_liten_fil.jpg

  • Trygve Refsdal
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

«Mens Norge svikter, går det i riktig retning for EU-landene» skriv BT på leiarplass 25. mai. EU har minska sine utslepp av klimagassar frå 1990 og til no, medan dei norske har gått opp ein del.

Trygve_Refsdal_liten_fil.jpg

Rekneskapen for utsleppa av klimagassar er knytt til Kyoto-avtalen. Det fortel litt om det som skjer, men på langt nær alt: I Europa skjer det ei nedbygging av energikrevjande industri. Mykje produksjon vert flytta til Kina og til andre fjerne land. Det gjev mindre utslepp i EU. No kjem utsleppa andre stader, og me får klimagassutslepp frå langtransport med fly og skip. Men dei er ikkje med i rekneskapen. Eitt eksempel: Frå Iddefjorden ved Halden vert det no skipa ut granitt til India for hogging, og ferdighogt stein vert send i retur frå India til Europa. For den norske klimarekneskapen er dette positivt, våre utslepp vert mindre enn om hogginga skjer der steinen er, lokalt.

Og utslepp og opptak i naturen er ikkje med. Norsk skog tek no opp om lag 60 prosent av våre utslepp av CO2. Med dette var med, ville den norske klimarekneskapen verta totalt endra.

BT sin leiar framstiller Noreg som eit tapar når det gjeld fornybar energi, og skriv at «siste landet til fornybarsamfunnet er ingen vinner.» Me må få «fortgang i omstillingen».

Vel, ikkje noko land i verda har så høg andel fornybar energi som Noreg, mest på grunn av vår vasskraft. I fylgje BPs Statistical Review 2014 står fornybar energi for 67,5 prosent av total energibruk i Noreg. Medan Tyskland, etter enorme investeringar gjennom 16 år i si «Energiewende» berre har nått opp til 11,7 prosent fornybar energi av total energibruk.

Når det gjeld produksjon av fornybar energi ligg Noreg mange tiår framom det ein kanskje kan få til i Europa. Me ligg suverent i front når det gjeld fornybar energi. Like vel aukar utsleppa, det er eit tankekors. Men når det gjeld energisparing, det suverent viktigaste, ligg me langt bak Europa.

Det er i sparing og økonomisering det kanskje ligg eit «grønt skifte», meir enn i auka produksjon av fornybar energi. Me må, kort sagt, sløsa mindre, vera mindre mobile og ekspansive, og bruka mindre energi og andre ressursar.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Weronica (19) ble kvalm og svimmel hvis hun skulle snakke foran klassen. Slik ble hun kvitt frykten.

Tre råd for å bli kvitt sceneskrekken.

Sakene flest leser nå

  1. Slutt på lokale koronatiltak: – Tusen takk til alle bergensere

  2. Her blir det teststasjon

  3. Mener italienerne stiller ett krav til Hauge: – Ellers blir han aldri akseptert

  4. Riksmekleren har innkalt partene i busskonflikten til møte

  5. Trafikkulykke på Frekhaug

  6. – Mye røyk i bygget