Bunadspopulismen

BUNAD: Med søljer og hardangersaum skal new public management nedkjempast, skriv Asbjørn Kristoffersen.

Jan M. Lillebø
  • Asbjørn Kristoffersen

For fulle segl, nedlessa i sølv, bratte i ryggen og i nakken, går ferme matroner i bunad til krig mot konsekvensanalysane. Budsjett og rasjonelt fjøsstell skal kvelast i eit hav av bringedukar. Husflid er den nye, norske populismen.

Gule vestar kostar ein slikk og ingenting samanlikna med bunader. Med gul vest kan franskmenn laga spetakkel utan å ofra ein tanke på kva det måtte kosta å kjøpa ny vest. Dei norske opprørarane ter seg som dei skulle i konfirmasjonsselskap. Utpressing og utskjemming er bunadgeriljaens einaste våpenarsenal. Med søljer og hardangersaum skal new public management nedkjempast.

No står slaga om lokalsjukehus og fødeavdelingar på Nordmøre og Helgeland, der stadig fleire kvinner trekkjer i krigsuniform. For snart tjue år sidan var det for Hardangerbrua bunadsgeriljaen stod op at strede – og vann. Då bunadsbataljonen inntok hovudstaden, veikna dei og visna, bleika dei bort, rasjonalitetens stormtropper. Mot kvite koneskaut kjemper sjølv ekspedisjonssjefar til fånyttes.

Rune Sævig

To og ein halv million bunader, i omlag 450 variantar, til eit verde av minst tretti milliardar kroner, skal finnast i norske klesskåp. Historiske bondemotar har gjennomsyra alle samfunnslag, kanskje med unntak av fundamentalistiske hipsterar, som har sin eigen husflid. Det er nordmenns vis å velta seg i vadmel og broderi, for å kunna retta seg i rygg og nakke og føla seg staut over velstandsvomma.

Men helseministeren og finansministeren kan ikkje oversjå risikoen for endå meir sus i serken dersom kvinner på Nordmøre og Helgeland vinn fødeavdelingskrigen.

Nasjonalisme og sjølvråderett har florert under stakkane like sidan unionstida med Sverige. I årets 17. mai skal milliontals bunader luftast av norske barn, kvinner og menn i det offentlege rom, i heimlandet, i utlegd. Ganske sikkert fleire enn nokon gong før.

Rekordbunadspulismen kan truga norsk, robust berekraft i globalismens tidsalder. Erna Solberg bør nok skaffa seg koneskaut om ho vil svinga seg i gammaldansen.