Manneterapi

Dette må ein mann aldri kjøpa.

GUBBEKJØP: Tommestokk er bra. Ei privatisert elektrisk slipemaskin er risikosport, skriv Asbjørn Kristoffersen. RUNE MEYER BERENTSEN (ARKIV)

Asbjørn Kristoffersen

Når livet buttar mot, kjøper mannen seg ny tommestokk. Det er aldri godt å vita når det dukkar opp ei fjøl som bør målast, breidde, lengde, tjukkleik. Det er aldri godt vita når det kan bli bruk for slik ei fjøl. Ein mann må vera budd på alt som kan tryggja framtida for kvinner og barn.

Når mannen ikkje kan forklara på forståeleg vis for kvinner og barn kva slags konsulentjobb han får pengar for å putla med, kjøper han seg elektrisk slipestein. Ingen barnehagebarn har nokosinne sett ein slirekniv. Det er forbode å bera kniv i urbane strok. Berre dei utvalde forstår korleis sløve knivar kan kvessast. Ein mann må kunna flå ein elg, flekkja ei håkjerring og skjera ut eigenkomponert bumerke til hytteveggen på Fanaråken. Og røra rundt i kaffien med tommeltotten sin.

Ein mann må aldri kjøpa seg stubbebrytar. Synet av ein stubbebrytar utanfor garasjedøra, ville vore ei krigserklæring mot andre menn som har felleskjøputrykkingsbunad i garasjen og som alltid har tommestokk og nyslipt slirekniv i beredskap når dei set seg inn i bilen med firehjulstrekk og kufangar for å ta ein svipptur innom Biltema.

Ein mann må alltid vita kva han ikkje må kjøpa, same kor huga han er på ein slik hendig liten, mørkegrøn traktor med veltebøyle og grabb som han såg på Felleskjøpet på Haukås Næringspark for ei veke sidan - perfekt til oppstalling mellom buskbom og biodynamiske stikkelsbærbuskar på tunet på Eidsvågneset. Ein mann må aldri gløyma at traktorar og stubbebrytarar må vera felleskjøp, og at parkering av mannasnopet berre kan skje på nøytral grunn dersom mannen vil ha selskap med andre menn når han byr på heimebrygg og graven håkjerring i mannalaget. Sjølv ei privatisert elektrisk slipemaskin er risikosport når alle tommestokkonsulentane rører rundt i kaffien med tommeltottane sine.

Kvinner fyller kommodar og garderobeskåp og skoskåp og kjøkenhyller med ting dei aldri brukar når livet buttar imot. Menn fyller buer og vedskjul og garasjar og skykkjeskukkar og kommunale tomter med nyttige ting.