Inn og ut av Afrika

Professor Sjur Didrik Flåm ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen har tankar om å utforma ein prosjektsøknad. Der skal det mellom anna stå globalisering, berekraftig utvikling, kvinneperspektiv, pluralistisk etnisitet, virtuell realitet og kropp og sosial konstruksjon/dekonstruksjon av kjønn i Afrika. Det går nok bra. NORAD, Forskningsrådet og universiteta er umettelege på slike saker, meiner Flåm.