Sex, vald og maktkamp

Det er synd det ikkje var tabloidaviser på 1100-talet. Historia om dronning Ingerid kunne vore råstoff til dei feitaste kioskveltarane i norsk avishistorie.

Jan Nyberg

Dagens dekadense i europeiske kongehus blir som teselskap å rekne samanlikna med dei konglege utageringane på 1100-talet. At historia om dronning Ingerid (1110 — etter 1161) ikkje er skriven før, og knapt nok omtalt i historiebøkene, er rett og slett pussig.

Det er nærliggjande å tru at grunnen til det kan vere at ho gjorde nett det same som menn i tilsvarande posisjonar på den tida; forsynte seg grovt av gods og gull, inngjekk strategiske ekteskapsalliansar for å legge folk og land under seg og sto heller ikkje tilbake for å ta grådig for seg av kjønnslivets gleder når dét måtte passe - noko det openbart ofte gjorde.

Vitskapleg verk

No er det første vitskaplege verket om dronning Ingerid kome, utgitt på vesle Selja Forlag i Nordfjord, skrive av historikarane Frode Hervik og Yngve Nedrebø og arkeologen Berit Gjerland. Boka om dronning Ingerid og sonen bisp Nikolas, er fjerde boka i ein serie frå norsk mellomalder i Sogn og Fjordane. Dronning Ingerids tilknytnad til Stårheim i Nordfjord, er venteleg hovudgrunnen til at ho er innlemma i denne serien.

Går ein langt nok tilbake i tid, vil nok dei fleste stader kunne påberope seg å ha husa kongelege. Men i tilefellet dronning Ingerid, er det ikkje akkurat ei gjennomsnittsdronnning vi snakkar om.

«Den mest erotisk allsidige dronning»

Ingerid Ragnvaldsdotter var svensk prinsesse. Ho gifte seg fire gongar med danske og svenske kongar og stormenn, fekk 10 barn med fem ulike menn; to av dei vart kongar, to hertugar, to jarlar og ein biskop. I eit svensk historieverk blir Ingerid omtala som den mest erotisk allsidige dronninga i Norden nokon gong. Åtte av dei ni borna hennar vart drepne i nordiske borgarkrigar. Det var i siste ekteskapet med lendmannen Arne på Stårheim Ingerid slo seg til i bygda for godt, og fekk sonen Nikolas (1150 - 1225) som vart biskop i Oslo og leiar for baglarane som var kong Sverres hardaste motstandar, og rekna som ein av dei største dåverande politikarane.

Dramatisk og saftig

Den mektige Stårheimsætta som Arne var ein del av, spelte ei viktig rolle i norsk mellomalder. Barnebarnet til Arne og Ingerid, Filippus Simonsson, blei då også baglarkonge i perioden 1207 - 17. Sjølv omkom dronning Ingerid på ei reise frå Bergen, då båten ho var om bord i vart angripen av Birkebeinarar i Skatestraumen ytst i Nordfjord.

Det er mykje «nytt» stoff om dronning Ingerids dramatiske og saftige liv som her blir presentert i ein samanheng for første gong. Med unntak av ei lita, populærhistorisk bok, «Stårheimsdronninga», skriven av Lars Myrold og som kom ut i 1998, har nordfjordingane gjort lite for bokstavleg talt å grave fram denne historia. Arkeologiske utgravingar på tuftene der kongsgarden og ei mellomalderkyrkje sannsynlegvis sto, har heller ikkje påvist konkrete funn frå denne tida. Mest sannsynleg er dei gått tapt, sidan området har vore eit forholdsvis stort jorbruksområde gjennom meir enn 800 år.

Som skapt for ein opera

Skal Nordfjordeid, som er nabobygda til Stårheim og sentrum i Eid kommune, byggje sin identitet som operabygd, er det definitivt ein god idé å få lage ei opera over Ingerids historie, slik operasjef Kari Standal Pavelich allereie har lufta tanken om. Historia om Ingerid har alle ingrediensar - og vel så det - for ein dramatisk opera. Greier Opera Nordfjord å finne ein kapabel libretto-forfattar og ditto komponist, er det vanskeleg å sjå at dette ikkje må bli ein suksess. Sidan det enno kan gå nokre år før operahuset på Eid står ferdig, kunne ein kanskje inngå eit samarbeid med Den Norske Opera i Oslo om å få nyskrive ein norsk opera til opninga i Bjørvika. Versågod Bjørn Simensen, her har du i alle fall ideen - heilt gratis. Og så kan du invitere tronarving Ingrid Alexandra på urpremieren. Då vil ho nok skjønne at ho har litt å strekke seg etter.

Dronning Ingerid (1110 - etter 1161) * Svensk prinsesse, brordotter til dronning Margrete og søskenbarn til dronning Malmfrid og dronning Kristin

  • Gift med Henrik Svendsen «Skadelår» (dansk), død 1134
  • Gift med Kong Harald Gille, død 1136
  • Fekk sonen Orm med Ivar Sneis (ukjent dødsår)
  • Gift med Ottar Birting, død ca 1147
  • Gift med Arne på Stårheim, død etter 1162
  • Fekk til saman 10 born, der baglarbispen Niklas var ein av dei

STÅRHEIMSDRONNINGA. Dronning Ingerid er blitt omtalt som den mest erotisk allsidige dronninga i Norden. Ikkje utan grunn.ILLUSTRASJON: BERNT KRISTIANSEN