Kva har vi lært?

DEBATT: Alle som har engasjert seg i debatten kring Frp og høgresidas siger ved valet i år, bør ta seg tid til å lese tankane til Anders Behring Breivik på document.no.

Publisert:

I 2009 tok frontfigurane i Frp, Carl I. Hagen og Siv Jensen i bruk ein meir aggressiv retorikk. Dei snakka høgt om «snikislamisering» av Norge og fekk 22,9 prosent av røystene! Foto: SCANPIX

Så seint som i 2010 arbeidde Anders Behring Breivik (ABB) aktivt for eit samarbeid med folk i Frp for å gje ut ei felles avis med front mot «kulturmarxismen» og islam. Dette skulle skje ved å utvikle Frp si avis «Fremskritt» i ei klarare kulturkonservativ lei. Han legg fram desse tankane på document.no september 2009 — februar 2010. Frp sitt strålande valresultat i 2009 (22,3 prosent) hadde gjort han optimistisk.

Alle som har engasjert seg i debatten kring Frp og høgresidas siger ved valet i år, bør ta seg tid til å lese tankane hans om forholdet til Frp på document.no, før dei gjer sin konklusjonar. Oppmodinga går særleg til BTs kultur- og debattredaktør, Hilde Sandvik, som 13.09. avviser ei kvar form for samanheng mellom Frps framgang og korleis terroren i 2011 seinare er blitt melta i nasjonen sine ideologiske fordøyingsorgan.

Å peike på ein slik samanheng er utslag av «totalitær tenkemåte», får vi vite. Skal terroren 22. juli og dei ideologiske føringane for han settast i politisk parentes? Ved kommunevalet 2011 kort tid etter terroren gjorde Frp det dårleg, 11,4 prosent, i år stor framgang, 16,3 prosent, medan «kulturmarxistane» i SV gjekk sterkt attende.

Som vi veit har ABB vore ein tilrekneleg person som kan ta ansvar for sine handlingar. Han støtta lenge Frp aktivt, men glei etter ca 2006 ut, då han meinte at Frp var for slappe mot muslimar og kulturmarxistar.

Men i 2009 tok frontfigurane i Frp, Carl I. Hagen og Siv Jensen i bruk ein meir aggressiv retorikk. Dei snakka høgt om «snikislamisering» av Norge og fekk 22,9 prosent av røystene!

No engasjerte ABB seg for Frp på nytt, mellom anna med innlegg på document.no. Då Frp no var blitt eit potensielt regjeringsparti, forsvann denne retorikken. ABB vart skuffa: «Frp har etterhvert… kastet babyen ut med badevannet» skreiv han i 2010.

I diskusjonen om kva slags ideologisk grunnlag ei utvikling av «Fremskritt» burde ha, la ABB vekt på at det ikkje må vere rasistisk, men kulturpolitisk, med front mot kulturmarxisme. Han skriver at han har gode kontaktar: «Jeg kjenner mange i FrP og vet at det er sterke krefter der som ønsker å utvikle «Fremskritt».» Og: «Økt politisk innflytelse går gjennom uoffisiell støtte til Frp/Høyre.»

Når Frps Ketil Solvik-Olsen nå tilbakeviser sosiologen Alf Gunvald Nilsen sin kritiske kommentar i avisa The Guardian om kva høgredreiinga i valresultatet i 2012 inneber reint ideologisk, avviser Solvik-Olsen einkvar ideologisk samanheng mellom ABB og Frp sitt valresultat med enkelt å vise til at Nilsen «tilhører et venstreradikalt nettverk som er for ekstreme standpunkter» (Bt. 12.09.).

Det som skil Solvik-Olsens ordbruk frå ABB sin er at der ABB ser «kulturmarxistar», ser Frp-nestleiaren eit «venstreradikalt nettverk». Kva er skilnaden? Kan BTs debattredaktør gjere greie for det?

Publisert: