Lygekryss

Dette er ikkje ein tekst om Muhammed og karikaturteikningane. Dette er ein tekst om karikaturkristne og definisjonsmakt. I tillegg er dette ein tekst eg absolutt ikkje hadde tenkt å skrive, men nok får vere nok, skriver Siren Sundland.

Publisert Publisert

SIREN SUNDLAND

Eg er ei fredeleg kvinne, men no er det nummeret før eg tar på meg silkeskautet med uglemønster frå Universitetet i Bergen og manar til kamp:

Onsdag var Finn Jarle Sæle toppsak på dagbladet.no., dagen etterpå hadde han nettmøte med Dagbladet-lesarane. Norge I Dag — redaktøren seier han vil trykke Muhammed-teikningane:

«Vi bryr oss katten med om det blir både en og to verdenskriger,» seier redaktør Sæle til Dagbladet, mens han manar fram islamistar med atomvåpen. «Hvis det blir krig, kan ikke vi intellektuelle ta ansvar for ekstremistenes handlinger».

Djevelsk polarisering

Det får no vere grenser for kva ein utsett minoritet skal måtte tole:

Å stå fram som intellektuell er verkeleg å velgje den smale sti her til lands. Då er Finn Jarle Sæles sjølvoppnemnde allianse det absolutt siste dei treng. Og ikkje nok med det: No hyllar han Shabana Rehman i Klassekampen:

«Shabana har vært helt fantastisk. Hun utsetter seg for stor fare med måten hun provoserer på i sitt eget miljø. Hun har vist et intellektuelt mot som er beundringsverdig, som en som tenker og analyser klart», seier han.

Det er ei djevelsk polarisering Sæle driv på med, og han er langt frå åleine om prosjektet. Dei siste vekene har folk som Selbekk og Sæle fått langt større fokus enn det dei fortener.

Sæle intellektuell?

Å få sette agenda representerer sjølvsagt stor makt, og med det kraftige mediefokuset kjem definisjonsmakta. Sæle får stå fram som intellektuell forkjempar for ytringsfridom, Selbekk er drapstruga martyr. Den absurde iscenesettinga er eit lukrativt medieteater, men problemet oppstår over tid, når dei marginale stemmene får framstå som viktige, som sentrale:

«Snart kan vi ikke ha en intellektuell debatt uten at det skal gjøres til en debatt om Frp. Debatten smalnes inn til et togspor som alle må kjøre inn på. Redaktøren for den kristne avisa Magazinet, Vebjørn Selbekk, tør i likhet med Klassekampen og Norge i Dag å spore av. Det er det som er intellektuelt. Det kommer til å gå samme vei som med EU-kampen. Vi kommer til å vinne dette her», seier Sæle til Klassekampen.

Reelle motsetnader

I vekene som har gått sidan Selbekk trykte faksimila, er mitt inntrykk at det er dei som polariserer sterkast som får hovudfokus. Ekspertar og forskarar som har reell innsikt og viktige refleksjonar å komme med, får kommentatorplassen, underordna dei dominerande utspela. På sikt er nettopp polariseringa den største trusselen for demokrati og ytringsfridom.

Visst er motsetnadene mellom vestlege og muslimske kulturar høgst reelle og kritiske. Visst er dette ei kompleks problemstilling. Like fullt må vi vere i stand til å kjenne att det enkle og det openlyse i denne saka:

Finn Jarle Sæle er ingen intellektuell. Ein intellektuell driv open refleksjon, ikkje openlys agitasjon. Det er stor skilnad på åndsarbeid og dårleg ande. Islamkjennar Kari Vogt punkterer argumentasjonen om at den islamske verda må få ein skikkeleg intellektuell debatt:

La det bli lys

«Den islamske verden har en intellektuell debatt allerede. Det er der Sæle tar feil, men i stedet for å sette seg inn i den muslimske intellektuelle debatten, velger han å se forbi den».

Finn Jarle Sæle er ingen intellektuell, slik Vebjørn Selbekk ikkje er ein viktig forkjempar for ytringsfridom. Selbekk si inderlege orsaking på Magazinet.no talar for seg:

«Kanskje kan det komme noe positivt ut av dette vanskelige som har hendt. Kanskje kan vi alle lære noe viktig. Om ytringsfrihet. Om dialog. Og om religion - Klikk her for å abonnere på Magazinet».

La det bli lys: Måtte det norske folk sjå skilnad på kors og lygekryss!

IKKJE INTELLEKTUELL: Finn Jarle Sæle er ikkje intellektuell, og Vebjørn Selbekk ikkje nokon martyr, meiner Siren Sundland. ARKIVFOTO: GIDSKE STARK

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Tre øyer utenfor Bergen er til salgs. Pris for den dyreste: 20 millioner.

En kort båttur fra Bergen ligger tre øyer for salg. Den dyreste ligger i Lysefjorden.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. UiB-ansatt tok nærbilder av studenter. Nå er han oppsagt.

  2. Lette etter eksplosiver fra andre verdenskrig. Så raste gravemaskinen 10–15 meter ned i Stalheimskleiva.

  3. Smitteutbrudd blant ansatte på sykehjem, beboere blir testet: – Jeg er bekymret

  4. Skyss: Ingen busser vil gå i Bergen om det blir streik

  5. Øygarden skjerper smittetiltak: – Bergen har vist at det hjelper

  6. Bergen får toppidretts­gymnas på Brann Stadion