OL i kattepinn

Nei, vinter-OL må for all del ikkje hentast attende til norsk jord, korkje i 2026 eller 2030.

OL-RUS: Det er typisk norsk å vera fanastril, skriv Asbjørn Kristoffersen. EIRIK BREKKE (ARKIV)

Asbjørn Kristoffersen

No må den nasjonale tsunamien skylja inn over norske ungar. Dei milliardane det ville kosta å skipa til eit nytt OL i sjåvinisme, skulle heller brukast på treningsleirar i kattepinn og slåball og sekstimeteren og paradishopping. Heia Noreg!

Pyeongchang var norsk dop. Korea var balsam for den norske folkesjela. Folk som har gullmedaljar midt i ryggen, er smitta. Fana og Fyllingsdalen er sett på verdskartet for skøyting på våt grus. Det er typisk norsk å vera fanastril. Vinnarskalle er typisk fyllingsdøl. Kva er meir naturleg enn at Slåtthaug får flottare ishall enn Pyeongchang? At Bergen får vinter-OL? At det sporenstreks blir to-spors OL-jarnbane og firefelts OL-motorveg til Myrkdalen? Og til Kvamskogen?

Kulturminister Trine Skei Grande (V) er ikkje framand for tanken om å segla på Pyeongchang-skjørtet til norsk vinter-OL. Bergen Venstre treng sus i serken. Trond Mohn er bergensar. Det er for så vidt Erna Solberg også. Men vi må tenkja på svenskane også. Vi kan ikkje berre tenkja på oss sjølve. Det ville vera usportsleg. Og lite lurt. Fyllingsdøler på alle pallar ville sikkert vera gull for Bergen Venstre, men ville heilt sikkert blitt økonomisk unnarenn for Eurosport og den internasjonale olympiske komitéen. Det må vi tenkja på. Vi må tenkja på alt.

No når vi kan spegla oss i vinnarskallane, må tida vera komen til å gjera gullet vårt mindre mamma-og-pappa-avhengige. Ungar som ikkje vart dyrka og gjødsla og odla på heimebane, kom seg ikkje til Pyeongchang. Dei kjem seg kanskje ikkje til fotballturnering i Øystese, heller. Det står ille til med svært mange, norske barn. Ein time gymnastikk og skulelunsj kvar dag må vera den nye, olympiske satsinga til Trine Skei Grande. Når islendingane får det til, må ho få det til, ho og. Og berre så det er sagt: Islendingane slår oss ned i støvlane i fotball. Med mamma-og-pappa-uavhengige fotballspelarar. Det er typisk norsk å lata skulebarna gå for skulebollar og muskelsvinn.