Statens kvinner og statens barn

Før rista vi på hovudet av land der staten tok alle val for alle.

PRODUKSJON: Det kan sjå ut som at kvinna vert sett på som ei produksjonseining, og barna kan staten og kommunane ta seg av, skriv Torill Selsvold Nyborg (KrF). Scanpix

Torill Selsvold Nyborg
Leder, KrF Kvinner i Hordaland

BT skriv 7. mars på leiarplass at «Målet for barne- og familiepolitikken må vere å gi alle barn like gode utgangspunkt i livet». Lett å vera samd i, men det er fleire måtar å nå dette målet enn det eit regjeringsoppnemnd utval nyleg la fram. Dei føreslår mellom anna å kutta kontantstøtta og behovsprøva barnetrygda for å finansiera gratis barnehage til alle barn.

Dette framlegget er ei einsretting av familiepolitikken. Det kan sjå ut som at kvinna vert sett på som ei produksjonseining, det er om og gjera å stå i jobb lengst mogeleg. Barna kan staten og kommunane ta seg av frå dei er årsgamle til dei byrjar på skulen, heilt gratis.

Dette er inga ønskjeleg utvikling. Familien er den viktigaste sosiale basen i samfunnet, der kjærleik, tryggleik og omsorg vert fundamentet for eit godt liv.

Mange vil gjerne vera heime med barna til dei er to år. Valet er heldigvis meir relevant no etter at regjeringa har auka kontantstøtta til 7500 kroner i månaden frå 1. juni 2017.

Les også

Heller gratis barnehage enn barnetrygd

Det er lett å dra innvandrarkortet i kampen mot kontantstøtta. Ein skulle tru at kontantstøtta har skulda for at integreringspolitikken er for dårleg. Slik er det sjølvsagt ikkje. Mange av våre nye landsmenn kjem frå kulturar der familiane har ansvar og omsorg for både barn og eldre. For å få desse integrerte i det norske samfunn, må det til ein heilskapleg politikk. Det kan kontantstøtte til eittåringane gjera lite med.

På familiepolitikkens område bryt det på djupt ideologisk vatn. Før rista vi på hovudet av land der staten tok alle val for alle, men no er vi på veg mot dette i Norge. Eg reknar med at regjeringa vil sjå at valfridom er ein føresetnad for ein god familiepolitikk.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg