Ekstremisme også i mindre byar

Hordaland skal snart vedta handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Men det er stadig kvite flekkar på kartet.

EKSTREMISME: Eg er uroa for veksande høgreekstremisme og ekstrem islamisme, skriv Øyvind Strømmen (MDG). GORM K GAARE

Øyvind Strømmen
Forfattar og fylkestingspolitikar (MDG)

I byrjinga av oktober kjem Hordaland sin handlingsplan for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme opp i fylkestinget. Den vart løfta til høgaste politiske nivå i fylket etter framlegg frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Grunnen til at me kom med det framlegget er ikkje at planen er dårleg. Det er den slett ikkje. Den inneheldt ein solid gjennomgang av sentrale omgrep på feltet, og tiltaka det vert lagt opp til er gode. Planen har eit høgst naturleg fokus på kunnskap og kompetanseheving, i stor grad knytt til vidaregåande skule. Slik må det vera, sidan planen skal gjelda for fylkeskommunen sine ansvarsområde.

Les også

Dei nyttige idiotane

Grunnen er at arbeidet mot ekstremisme og radikalisering, også her i fylket, fortener meir merksemd, og ein breiare offentleg debatt. Dersom det å løfta debatten frå fylkesutval til fylkesting kan bidra til dette, er det positivt.

I denne samanheng har underteikna to hattar. På den eine sida er eg fylkestingspolitikar for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland, og dessutan vald inn i kommunestyret i Samnanger. På den andre sida har eg i ei årrekkje arbeidd med ekstremisme som journalist og forfattar. I tillegg er eg ein bekymra borgar.

Eg er uroa for veksande høgreekstremisme, eit fenomen som gjev seg utslag både i form av demonstrerande nynazistar på gatenivå og i form av djupt innvandrarfiendtlege idear som for dei fleste av oss først og fremst er synleg på nettet. Eg er også uroa for ekstrem islamisme. Sjølv om den organiserte ekstremislamismen i Noreg har vorte noko svekkja i det siste, blant anna grunna solid politiarbeid, er det fare for at ein kan få ny blomstring av slike miljø. I Hordaland har me så langt hatt mindre problem med dette enn enkelte andre stader i landet, men det kan endra seg.

Til sist er eg uroa for korleis ulike ekstreme grupper kan spela kvarandre sterkare, og for korleis både terroråtak i Europa og steilare frontar i samfunnsdebatten kan påverka dette landskapet

Mot dette bakteppet er det sjølvsagt gledeleg at ein får på plass betre handlingsplanar mot radikalisering og ekstremisme, planar som også munnar ut i faktisk handling, og som syter for at kunnskapsnivået i fyrstelina vert høgare. Nokre kommunar, blant dei Kristiansand, har vore føregangskommunar på området. Andre har kome seinare i gang. Når Hordaland fylkeskommune no skal vedta ein handlingsplan på feltet er det blant anna med utgangspunkt i planen Bergen kommune vedtok i 2015, ein plan der fylkeskommunen vart peikt på som ein viktig samarbeidspartnar.

Samstundes er det mange kommunar som slett ikkje har planverk på området. Eg snakkar, sjølvsagt, om småkommunane, ein kategori som i denne samanheng inkluderer svært mange av landets kommunar, også kommunar som til vanleg kanskje vert omtala som mellomstore. Det finst prisverdige døme på at også mindre kommunar, i samarbeid med kvarandre, har utarbeidd godt planverk på området. Det gjeld blant anna for Fjell, Askøy, Sund og Øygarden, som har ein felles handlingsplan.

Les også

Slik ble 11 unge menn hjernevasket av en stillferdig imam

At andre mindre kommunar står utan planverk er ikkje overraskande. Det handlar om både kapasitet og kompetanse. Men det er eit problem, all den tid ekstremisme ikkje er eit fenomen som er avgrensa til byar og større tettstader, og all den tid enkeltpersonar som er sårbare for radikalisering eller som alt har kome inn i ein radikaliseringsprosess kan vera å finna overalt.

Eg skal ta eit konkret døme: Som journalist fekk eg nyleg tilgang på ein oversikt over personar som har betalt medlemskap i den nynazistiske organisasjonen som kallar seg Den Nordiske Motstandsbevegelsen. Dei er å finna i storbyen. Dei er å finna i mindre byar. Dei er òg å finna i Bygde-Noreg. Frå ein journalistisk ståstad er det umogeleg å vita kva valdspotensial desse enkeltpersonane utgjer. Men det er liten tvil om at nasjonalsosialismen er ein valdsideologi og at det er grunn til å vera uroa når folk sympatiserer med slikt tankegods.

Det er også verdt å påpeika at internett har vorte ein viktig kanal for ulike ekstreme grupper, når dei skal spreia sin propaganda. Det gjeld både for ekstreme islamistar, for høgreekstreme og for grupper og enkeltpersonar som formidlar meir udefinerbare ideologiske førestillingar prega av konspirasjonsteoretisk tenking. Sjølv om onlineradikalisering som fenomen kanskje vert overdrive, er det verdt å vera klår over, og det synleggjer at radikalisering kan finna stad også på stader som synest mindre openberre.

Manglande planverk og manglande koordinering mellom ulike kommunar kan føra til kvite flekkar på kartet når det gjeld arbeidet mot ekstremisme. Det er me ikkje tent med, og det er noko både stat og fylkeskommune bør søkja å gjera noko med.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg