Ein sentraliseringstsunami trugar Hordaland

Dette er berre ein forsmak på storkommunesentraliseringa.

TANNHELSE: Velferda i distrikta får svi.  Skulda har politikarar på alle nivå, skriv Jan Nordø.

Jan Nordø
Leiar, Naturvernforbundet Nordhordland

«13 tannklinikker kan bli nedlagt i Hordaland. Nå er det opprør i distriktene, som krever planen utsatt til kommunereformen er avklart», melder Bergens Tidende 11.februar. «To uker etter at ambulansen ble fjernet fra bygden, døde en pasient», er overskrifta i den same avisa 07.02.16. «Ordfører Ingebjørg Winjum i Granvin er bekymret». Ein sentraliseringstsunami trugar Hordaland. Velferda i distrikta får svi. Skulda har politikarar på alle nivå.

Hordalandspolitikarane har vedteke planar og strategiar med tydelege sentraliserande element. Plan for attraktive senter vil «stela» tenester frå utkantane til regionsentra, m.a. tannlege og vidaregåande skule. Helse Bergen fjernar livbergande ambulansar frå Granvin og Kvam. På Fedje er responstida 1t. og 38 min., i Modalen 1 t., begge milevis bak Stortinget sitt mål om 25 min. i grisgrendte strok.

Hordaland:

Les også

Her vil de legge nedtannlegeklinikkene

Skimtar vi eit ordføraropprør? Tja. I Nordhordland er mange ordførarar rettmessig opprørte. Dei ønskjer ei utsetjing av tannhelseplanen til etter kommunereforma. Men kritikken har også smak av krokodilletårar.

Senterpartiordførar Jon Askeland i Radøy og KrF-ordførar Astrid Aarhus Byrknes i Lindås har vore nærast arkitektane bak den nye storkommunen Nordhordland. Ukritisk har dei teke på seg rolla som sendebod for regjeringa sitt sentraliseringsprosjekt. Dei har også vore pådrivarar for nytt regionalt helsehus i Knarvik, og i glasskula ser dei for seg eit mektig rådhus i Knarvikbyen med eit tungt byråkrati som skal styra over heile Nordhordland. Slike «visjonar» er tviegga sverd for dei andre kommunane i regionen.

Gjennom storkommuneprosjektet sitt har nemleg Askeland og Byrknes lagt til rette for ei sentralisering som også Hordaland fylkeskommune og Helse Bergen ser seg tente med. For dei kan helsehuset i Knarvik føra til «effektive» og «funksjonelle» tenester; t.d. tannklinikk. For store grupper av brukarar i Nordhordland vil det vera eit enormt velferdstap. Frå Fedje tur retur Knarvik tek det t.d. meir enn fire timar med offentleg transport. I dag brukar dei knapt 10 minutt til tannlegestolen.

Kari Odland:

Les også

Pengene må følge pasienten

Dagens kommunestruktur og inntektssystem har vore eit bolverk mot den nye sentraliseringsbølgja. Dei sju ordførarane i Nordhordland har folkeleg mandat og jamt over økonomi til å stå opp for velferdstenester i eigen kommune. Ein einsleg ordførar for heile Nordhordland vil neppe klara det same. Ein pressa kommuneøkonomi vil svært sannsynleg føra til sentralisering av ei rad velferdstenester slik det har skjedd i Danmark. Med på lasset kan desentraliserte fylkeskommunale og statlege tenester følgja, som tannlege, ambulanse og NAV.

Askeland, Byrknes og fleire andre fylkespolitikarar ønskjer ei utsetjing av tannklinikkplanen til etter kommunereforma. Det slaget står no i fylkestinget. Eg støttar ei utsetjing heilhjarta, men det høyrest ikkje lovande ut om storkommunen skal leggja premissane. Då er eg redd det ikkje tar lang tid før dei desentraliserte tannklinikkane forsvinn i dragsuget mot Knarvik saman med «krokodillane».

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg