Steng den ned

Eg vil ikkje avvikle pelsdyrnæringa fordi enkelte bønder gjer ein useriøs jobb. Eg vil avvikle fordi eg ikkje vil at nokon skal gjere denne jobben.

Publisert Publisert

I FANGENSKAP: Regelbrota vi ser er berre ein konsekvens av at ville dyr lever heile livet sitt i fangenskap, skriv innsendaren. Foto: Rebekka Westgaard

Debattinnlegg

  • Peder Lofnes Hauge
    Kommunestyrerepresentant, Gloppen (V)

**Pelsdyrutvalet** legg fram sin rapport komande måndag. Den vil sikkert mange lese med interesse. Men den er lite nyttig dersom det einaste den kan føreslå er nye krav og strengare reglar. Kva hjelp vel det for ei næring der reglane vert brotne og tilsynet ikkje fungerer?

Bergens Tidende avsluttar ein solid leiarartikkel om pelsdyr med eit krav om fjerning av subsidiar og strengare forskrifter. Dei går langt frå langt nok. Vi treng ikkje fleire pelsdyrutval, rapportar, nye krav eller strengare reglar. Det er ikkje nok at reglane vert følgde. Pelsdyrnæringa bør avviklast.

Dei ti tusenvis av nordmenn som kvar vinter går i fakkeltog mot pels krev ikkje større bur eller eit par ekstra tilsyn. Dei går heller ikkje i fakkeltog for fjerning av fraktutjamningstilskot eller betre kontrollar. Dei går i fakkeltog fordi dei erkjenner at dei ikkje ønskjer denne typen dyrehald. Det er eit verdival.

Når landbruket fremjar næringa si, gjer dei det med verdilada føleri: Dei snakkar om kulturlandskap, spreidd busetnad og rein, norsk mat. Føleri og verdisyn bør vere like legitimt for pelsdyrmotstandarar.

Les også

«Vi vet nok om lidelsene. Forby pelsdyroppdrett nå.»

Sjølv er eg frå Gloppen kommune i Nordfjord, ein kommune med sterke tradisjonar for pelsdyroppdrett. Her driv fleire bønder med pelsdyravl. Eg kjenner fleire av dei.

Er dei bandittar? Nei.

Er det vanskeleg å arbeide for å leggje ned næringa dei heilt lovleg driv? Ja.

Er dei verstingar i klassen? Neppe, men det er ikkje poenget.

Mange av pelsdyrbøndene er openbart seriøse, dei er openbart glade i dyra sine, og mange av dei har eit medvite forhold til dyrevelferd, sjølv om vi openbart definerer god dyrevelferd noko ulikt. Eg vil ikkje avvikle fordi eg ikkje trur mange gjer ein god og seriøs jobb. Eg vil avvikle fordi eg ikkje vil at nokon skal gjere denne jobben.

Det er urimeleg å avvikle ei heil næring på bakgrunn av avvika, dersom eit i utgangspunktet meiner pelsdyravl er greitt om reglane er strenge og blir følgde. Men det er forståeleg at folk meiner det, særleg sidan næringa sjølv ikkje har klart å rydde opp — og vi framleis får sjå bilete som i tysdagens Brennpunkt.

Det er derimot ikkje urimeleg å avvikle ei næring ein meiner er etisk og moralsk feil. Eg er motstandar av pelsdyravl fordi ville dyr ikkje skal måtte leve heile livet sitt i fangenskap i eit lite bur. Avla fram for pelsens skuld. Regelbrota vi ser er berre ein konsekvens av at nettopp ville dyr lever heile livet sitt i fangenskap. Dei kan gjennom avl bli så tamme som det berre går an, det vil ikkje hjelpe. Eg ville ikkje sett hunden min i eit bur heile livet sitt heller.

Les også:

Les også

«Pelsdyrnæringen fortjener ikke politikernes beskyttende hånd»

Tysdagens Brennpunkt var viktig. Det presseetiske kan ein sikkert diskutere opp og ned i mente, men dokumentaren viste faktiske forhold vi aldri ville sett utan. Og dei faktiske forholda bør opne auga til endå fleire. Slik kan fleire gå i fakkeltog. Slik kan politikarar snu, og arbeide for eit forbod — som fleire europeiske land har innført.

Sidan Sylvi Listhaug (Frp) tok over nøklane til Landbruksdepartementet har ho med hjartets lyst terga på seg bønder. Bøndene har rast og folket protestert. Til dels med rette. Men pelsdyrnæringa vil ho ha, til stor applaus frå dei det gjeld.

Sylvi Listhaug kan for ein gongs skuld kutte subsidiar til landbruket med eit stort folkefleirtal bak seg. Går ho inn for ei styrt avvikling, eit forbod og gode kompenserande ordningar for dei som i dag driv med pels, vil ho for all ettertid bli hugsa som ein modig og handlekraftig landbruksminister. Ein minister som sette dyrevelferd før mektige særinteresser og distriktspolitikk.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg