Det er frustrerande å atter ein gong skrive om Israel-Palestina-konflikten. Det burde vere unødvendig å skrive nye lesarinnlegg, kronikkar og finne nye ord for same sak. Men det er likevel så viktig, for Israelske myndigheiter gjer overtramp, misbruker makta si, utnyttar posisjonen sin som okkupant mot de okkuperte.

No har det skjedd igjen. Sjølv om det kan kjennast nyttelaust, skuldar vi palestinarane å setje ord på dei hjartelause handlingane, i stadig håp om at ord og merksemd kan føre noko godt med seg.

Titusenvis av palestinarar samla seg måndag ved grensegjerdet mellom Gaza og Israel, i protest mot ambassadeflyttinga til USA. Resultatet av protesten var at den israelske hæren skaut med skarpt mot folkemengda. 52 drepne og 2400 skadde. Eit blodbad.

Jerusalem Post melde at blant dei drepne er ein mann i rullestol og ein 14 år gammal gut. Ein gut som berre er to år yngre enn meg. Israelske soldatar møter protesterande palestinarar med spesialsoldatar, skarpskyttarar og drepande stålkuler. Vi må aldri gløyme det skeive maktforholdet mellom okkupanten og den okkuperte.

Det blir sagt at palestinske demonstrantar, med stein i handa, trugar staten Israels tryggleik. Dette skal vere eit argument for kvifor ein ser på det som både nødvendig og legitimt å drepe sivile palestinarar med jamne mellomrom. Likevel illustrerer det heller Israels tilbakevendande blodige militære respons mot uskuldige. Vi må aldri gløyme det skeive maktforholdet mellom okkupanten og den okkuperte.

SKARPSKYTTARAR: Israelske soldatar møter protesterande palestinarar med spesialsoldatar, skarpskyttarar og drepande stålkuler, skriv innsendaren.
AMIR COHEN, NTB scanpix

Det kan vanskeleg beskrivast som anna enn forståeleg at meir enn 50 år med okkupasjon leiar til frustrasjon, sinne og avmakt hos palestinarane. Muren som Israel har bygd opp på Vestbreidda splittar palestinske familiar, skil vener frå kvarandre og hindrar palestinarane i å dra på skule, jobb og sjukehus.

I dag byggjast det fleire ulovlege israelske busetnadar på palestinsk jord enn nokon gong, oppmuntra av den amerikanske presidenten. Israel, alliert med USA. Palestina, alliert med legen Mads Gilbert. Sjølvsagt sett på spissen. Men vi må aldri gløyme det skeive maktforholdet mellom okkupanten og den okkuperte.

I dag er det utvilsamt eit krevjande politisk klima internasjonalt for å kome med nye freds- og forsoningsinitiativ i Israel og Palestina. Kanskje er det meir krevjande enn nokon gong. Det er norske politikarar samstemte i, og opptatt av å understreke.

Faren er likevel at «det krevjande politiske klimaet» blir ein kvilepute. Og at vi har blitt for godt vant til situasjonen i Palestina slik at vi gløymer at det ikkje er ein normal situasjon.

AUF vil aldri godta at vi gløymer palestinarane, den umenneskelege okkupasjonen og den systematiske undertrykkinga dei opplev kvar dag i sine liv. AUF etterlyser den politiske viljen, og ser med stor bekymring på den alvorlege mangelen på forståing for kompleksiteten av situasjonen frå USA si side.

Når vi ser at det går mot meir ufridom og mindre fred i regionen, bør jo viljen til å skape endring vere endå større?

Vi meiner at norske myndigheiter må støtte ytterlegare opp om moderate politiske krefter som er for tostatsløysinga i Israel. Det har blitt for lett å gløyme at dei finnast. I tillegg må Norge anerkjenne Palestina som sjølvstendig stat. Til no har 137 land gjort det før oss.

Det er ikkje for seint å anerkjenne Palestina, og vise at Norge vel solidaritet i staden for ein stille aksept for undertrykking, okkupasjon og drap av sivile.