Bokmålsbank i nynorskland

DEBATT: Av respekt for kundane bør Sparebanken Vest ta eit ansvar for nynorsken.

Publisert:

SKORTAR PÅ VILJEN: Jan Erik Kjerpeseth frå Bremanger, konsernsjef i Sparebanken Vest, skriv godt nynorsk. Men så langt har han ikkje funne tid til å prioritere nynorsken i eigen organisasjon. Det skortar på viljen, ikkje kompetansen, skriv Georg Arnestad. Foto: Ørjan Deisz (arkiv)

Debattinnlegg

Georg Arnestad
Seniorrådgjevar, Høgskulen på Vestlandet

Det er tid for nok ein Vestlandskonferanse. Tysdag 19. februar vert den tjuande og aller største i rekka arrangert. Årets tema er «En større dag». Vi skal «synliggjøre det fantastiske potensiale regionen vår har i en globalisert verden», seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest, banken som eig og driv Vestlandskonferansen AS. Han skriv det på bokmål, slik skikken er både for banken og for konferansen. To vestnorske bokmålsinstitusjonar midt i Nynorskland.

Eg har følgt Vestlandskonferansen sidan starten i 2002. Den raude tråden har vore å løfte fram krafta, styrken og det særeigne ved Vestlandet og vestlendingen, og demonstrere for andre og oss sjølve potensialet vi representerer. Iblant har det vorte i meste laget.

Georg Arnestad Foto: Scanpix

I starten dreiv vi regionbygging. Dette gav seg utslag i handfaste dokument som Vestlandsmanifestet og Vestlandets historie. Siste åra har konferansen lagt vekt på næring, kompetanse og kva vi skal leve av. Heile tida har det likevel blitt streka under at vestlendingane må stå samla, trekkje i lag og tore å utfordre sentralmakta i hovudstaden. Fåfengt eller vellukka? Tja, sei det.

Det skjer no ei betydeleg endring av det vestnorske politiske og institusjonelle landskapet. Dei to sentrale vestlandsfylka har skipa det nye fylket Vestland, med alt det inneber for organisasjonar og institusjonar på Vestlandet. I 2017 fekk Vestlandet sin eigen vestlandshøgskule, med eit geografisk nedslagsfelt som i stor grad er felles med Sparebanken Vest og Vestlandskonferansen. Innan 2023 skal Høgskulen på Vestlandet stå fram som det nye Vestlandsuniversitetet, ein posisjon det ser ut som om UiB ikkje vil ta.

Dei to nye vestlandsinstitusjonane med hovudsete i Bergen, har valt nynorsk som hovudspråk. Slik eg ser det, har valet vore naturleg og problemfritt. Nynorsken står langt sterkare på Vestlandet enn i andre regionar. Vestlandet er den einaste landsdelen med eit nynorsk tyngdepunkt. Det har ringverknader for heile landet, og det forpliktar. Bergen er den viktigaste nynorskbyen i Noreg. Byen har nyss fått sitt eige nynorske teater. Eit eige nynorskhus er under utvikling.

Les også

Språksjefen som elskar klager

Men når vestlendingar årleg vert kalla inn til gjestebod, i Bergen eller Stavanger, for å drøfte «det fantastiske potensialet» i regionen, er det kanskje viktigaste kjenneteiknet ved Vestlandet og vestlendingane – nynorsken – heilt utegløymt. Dette i ei tid då tre av dei fire vestlandsavisene som er medskiparar av Vestlandskonferansen, brukar meir og betre nynorsk enn nokon gong før. Den fjerde avisa, Firda i Førde, er landets største nynorskavis. Eg går ut frå at Vestlandskonferansen tek signalet, styreleiar Siren Sundland.

Kanskje er det òg snart på tide at Vestlandskonferansen legg ein avstikkar til Sogn og Fjordane? Sist gong det skjedde, var i 2004. Det er pinleg. Eg foreslår derfor at konferansen i 2020 vert lagt til Sogndal. Nye Sogndal hotell, som opnar i mai i år, har kapasitet til å hyse opp mot 600 deltakarar. Men det er kanskje for smått?

Sparebanken Vest er resultatet av ei rekkje samanslåingar av sparebankar over heile Vestlandet, med gamle Bergens Sparebank, etablert i 1823, som hovudfundamentet. I «porteføljen» inngår også, indirekte, den gamle nynorske Vestlandsbanken frå Rådstuplass i Bergen. Slikt forpliktar.

Sparebanken Vest yter svært verdfull støtte til mange gode nynorsktiltak over heile Vestlandet. Avdelingskontora i Sogn og Fjordane, Hardanger og Voss skal bruke og brukar nynorsk – om ikkje alltid av høgste kvalitet. Men på konsernnivå i Bergen er Sparebanken Vest ein 100 prosent bokmålsbank. Det var faktisk betre før. Ser vi på årsrapportane etter 2000, brukte banken litt nynorsk i 2007 og 2008, og i 2004 fekk banken målprisen frå Hordaland Mållag. Banken tilrådde elles i 2016 at det nye fylket Vestland skulle ha nynorsk som hovudspråk.

Les også

Lær dere norsk!

Konsernsjefen, Jan Erik Kjerpeseth frå Bremanger, er ein open leiar, som også er tydeleg og synleg i den offentlege samtalen. Eit par gonger i året skriv han vituge debattinnlegg i Bergens Tidende. På godt nynorsk. Ulikt næringslivsleiarar elles tek han gjerne utgangspunkt i personlege hendingar eller opplevingar. Eg har gitt Kjerpeset ros for tekstane og føydd til at han burde bruke nynorsk i andre høve, også i yrkessamanheng. «Ikkje ueinig i det», svarte konsernsjefen. Men så langt har han ikkje funne tid til å prioritere nynorsken i eigen organisasjon. Det skortar på viljen. Ikkje kompetansen.

Sparebanken Vest er den moderne Vestlandsbanken. Kundane og verksemda er spreidde over heile Vestlandet og mesteparten av Nynorskland. Bortsett frå det er det lite som skil banken frå andre norske finanskonsern. Brorparten av produkta til bankane er hyllevare og tilnærma like. Marknadsføringa er òg mykje lik. Her kan faktisk nynorsk spele ei rolle som synleggjerar av eigenart, særpreg og identitet. Pluss – sjølvsagt – som respekt for mange eksisterande og mulege nye kundar kring om på Vestlandet.

Vestlandskonferansen 2019, med Sparebanken Vest i førarsetet, handlar om teknologi, klyngjer, kommersialisering, leiarskap og kunnskap; faktorar som kan bidra til at Vestlandet i større grad kan realisere potensialet sitt. Samtidig lever vi i ei språkleg tid, der skrift og kommunikasjon er meir utbreidd som sosiale fenomen enn noko sinne. I det språkdelte Vestlandet kan Sparebanken Vest – med sine midlar, kapital og menneskelege ressursar – vere med å ta eit skriftkulturelt ansvar. Sparebankar har alltid handla om meir enn pengar.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg