Gutar som lir

Stortingsrepresentant Turid Kristensen frå Høgre vil fjerne eigen sidemålskarakter for å hjelpe gutar som slit med norskfaget. Ho bør heller styrke språkopplæringa.

FORSVARAR NYNORSKEN: Høgres svar er alltid å angripe sidemålet, skriv Peder Lofnes Hauge. Foto: Noregs Mållag / NTB Scanpix

  • Peder Lofnes Hauge
    Nestleiar i Noregs Mållag
Publisert:

At Høgre vil svekkje sidemålsordninga er ikkje noko nytt, og bakgrunnen denne gongen er at Kristensen og Høgre har lese Stoltenberg-utvalet sin rapport om kjønnsskilnader i skulen. Ho seier til VG at særleg gutane lir (!) av talet på norskkarakterar. Svaret er alltid å angripe sidemålet, og så gjeld det berre å finne ei utfordring det kan løyse. Det er kanskje dette dei meiner med «nye idear og betre løysingar».

Etter ei stor sak i VG der det verka som om det var borgarleg fleirtalssemje om dette, ser det no ut til at utspelet sakte andar ut i eit knippe lokalaviser sine lesarbrevspalter. Og godt er det.

Den Høgre-leia regjeringa er nynorskvenleg, anten Høgre likar det eller ei – i alle høve på papiret. Granavold-plattforma har fleire viktige formuleringar om nynorsk. Det er dessutan heilt utenkjeleg å sjå føre seg at KrF og særleg Venstre sine stortingsgrupper kan gå med på å fjerne sidemålskarakteren.

Elevane må sjølvsagt få opplæring og vurdering i begge dei to offisielle skriftspråka våre. Det er ein logisk konsekvens av den språklege likestillinga mellom nynorsk og bokmål. Det er bra for både bokmåls- og nynorskbrukarane. I ein karakterstyrt skule vil det å slå saman hovudmål- og sidemålskarakter fort føre til ei reell nedprioritering av arbeidet med eleven sitt sidemål. Kristensen vil heller ikkje stadfeste om ei eventuell samanslåing etter hennar mønster vektar hovudmålet og sidemålet likt.

Les også

Bokmålsforbundet: – Nynorsken dør ut på Vestlandet

Karakterar styrer undervisning og læring. Dette burde Høgre forstå. Seinast førre stortingsperiode ville dei ha karakterar i barneskulen fordi desse kunne «motivere elevane til gjere det betre på skulen» og gjere det «enklare for læraren og dei føresette å kartleggje kvar eleven treng ekstra hjelp».

Om Kristensen vil motivere og gje «ekstra hjelp» til gutar (og jenter) som slit med å meistre heile det norske språket, bør ho heller jobbe for at hennar eigen kunnskapsminister, Jan Tore Sanner (H), gjer språkopplæringa betre. Vi kan fortelje dei kva som fungerer.

Dei kan syte for at elevane får systematisk sidemålsopplæring på eit tidlegare trinn enn i dag, og at det blir utdanna språkmektige lærarar som meistrar både nynorsk og bokmål. Og dei kan arbeide for at nynorsken får ein større plass på alle område av samfunnet, slik at elevane blir eksponerte for meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar.

Slik kan vi byggje opp kunnskap og kompetanse og bryte ned fordommar og dårlege haldningar. Til det siste vil det også hjelpe om Høgre-politikarar og andre sluttar å fortelje elevane at nynorsken er ein pest og ei plage dei aldri får bruk for. Ja, med mindre dei skal skrive lyrikk, då, for denne pesten er som kjend så fint i dikt.

Dette er ikkje «nye idear», for vi har snakka om det lenge. Men det er definitivt betre løysingar for gutane Kristensen vil hjelpe.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg