Vi må få leiken tilbake i skulen

DEBATT: Har vi gløymt bort leiken i frykt for å bli ein «koseskule»?

POTENSIAL: Leiken skapar glede, motivasjon og nysgjerrigheit, og har på same tid eit enormt potensial for læring. Det på tide å skru pendelen nokre hakk tilbake slik at vi igjen får auka fokus på leik i skulen, skriv innsendaren. Scanpix

Debattinnlegg

Robert Mjelde Flatås
Rektor, Stanghelle skule

Seksåringen sit og stirrar på ein pendel i naturfagrommet på skulen. Lite veit han at når pendelen startar å svinge, så avgjer den spor. Lite veit han at føremålsparagrafen til norsk skule seier blant anna at han skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong i ein skulekvardag prega av praktisk, variert og aktiv læring.

Pendelen svingar stadig i skule-Noreg, og det er ikkje tvil om at den set spor etter seg. Med innføringa av skulereforma Kunnskapsløftet (K06) i 2006 snudde pendelen mot større fagleg trykk, større ambisjonar og meir fagleg innhald i skulen.

Robert Mjelde Flatås. Privat

Dette kom som ein reaksjon på dåverande læreplan, L97, som mange meinte representerte nærmast ein leike- og koseskule med mykje surr og lite læring. Med L97 kom seksåringane inn i skulen, og første klassetrinn skulle den gongen vere ein blanding av barnehage og skule.

Arkitekten bak reforma, tidlegare utdanningsminister Gudmund Hernes, presiserte at leik skulle vere ein viktig ingrediens i skulekvardagen. Likevel kom Kunnskapsløftet i 2006 med krava om at seksåringane skulle ha systematisk opplæring i lesing og skriving.

Ordet leik som i L97 var brukt over 130 gongar, vart i K06 berre brukt fire gongar. No, 12 år seinare, visar til dømes ei fersk undersøking at 1000
førsteklasselærarar meiner elevane har for mykje teori og for lite leik på skulen.

Med Kunnskapsløftet i 2006 vart skulen sentrert rundt det som er målbart
(fagdelen i læreplanen), medan den andre delen i læreplanen (generell del og læringsplakaten) ser ut til å ha blitt gløymt. Vurderingskriterium, læringstrykk og resultatforventningar er kome mykje meir i fokus enn menneskeverd, mangfald og miljøbevisstheit.

Les også

Les også: Ap blar opp for gratis SFO og mat til alle

For meg handlar det ikkje om anten leik eller læring i skulen, for dei to er ikkje motsetnadar. Vi treng ein skule som ser seksåringen for det leikande og forskande mennesket han eller ho er. Då er det viktig at vi vaksne ikkje stemplar leikande læringsaktivitetar som «kose- og leikeskule».

Det må vere mål og meining med det vi driv på med i skulen, og vi skal heller ikkje alltid stemple ordet «læringstrykk» som noko negativt. Ei sterkare satsing på læring og grunnleggjande dugleikar har vore absolutt nødvendig. Men kan det likevel tenkjast at lærarar i dag har eit større handlingsrom enn dei brukar? Kan læringstrykket ha blitt så stort, at ein treng meir kunnskap om leik i skulen?

Det er viktig å hugse på at elevar i småskulen i dag brukar mykje meir tid på dataspel og ulike digitale dingsar enn tidlegare, og dei har då færre moglegheiter til sosialt samspel, leik og fysisk aktivitet på fritida. Så dei treng å auke sin sosiale kompetanse på skulen gjennom å leike meir.

Når vi får ny læreplan i 2020, må dei norske skulane få eit tydelegare mandat frå sine skuleeigarar. Dei må også bli flinkare til å nytte den nye generelle delen av læreplanen (overordna del) når ein planlegg skulekvardagen til elevane.

Leiken skapar glede, motivasjon og nysgjerrigheit og har på same tid eit enormt potensial for læring. Tusenvis av norske lærarar veit kor viktig det er å byggje gode, varme og trygge læringsmiljø, og at den gode skule stimulerer til læring og utvikling av kreativitet også gjennom leik og frie aktivitetar. Det på tide å skru pendelen nokre hakk tilbake slik at vi igjen får auka fokus på leik og seksåringane våre i skulen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg