NRK skapar kulturelle analfabetar

DEBATT: Det er uforståeleg at radiosendingane frå NRK Hordaland er så prega av internasjonal pop, oftast engelskspråkleg.

SKEIVT UTVAL: Statskanalen slepp til for få lokale artistar, meiner innsendaren. Gorm Kallestad / NTB scanpix

Debattinnlegg

Odd Leif Mjøs
Lindås

Det er eit unikt mylder av musikalske uttrykk i Hordaland, musikk med lokalt opphav og identifikasjon, ikkje sjeldan forankra i språk og kultur. NRK sitt platearkiv er eit skattkammer av lokal musikk.

Det er difor uforståeleg at radiosendingane frå NRK Hordaland er så prega av internasjonal pop, oftast engelskspråkleg. Det tyder på at NRK ikkje vurderer musikkinnslaga som særleg viktig kulturverdi, ikkje meir enn øyregodt pausefyll mellom det som eigentleg skal ha fokus for distriktsradioen.

Les også

Frode Bjerkestrand: Lyttertallene for radio stuper

BERRE TO FRÅ HORDALAND: Her er spelelista frå morgonsendinga i NRK Hordaland ein dag tidlegare i veka. Av 25 musikkinnslag var kun to frå Hordaland.

NRK Hordaland har kjekke og dyktige programskaparar, og musikken er nok ikkje dårleg i seg sjølv. Men den er så utruleg lite kulturelt identitetsskapande og brubyggjande for fylket vårt.

Gjev oss eit musikalsk mangfald, i alle sjangrar, frå heile Hordaland. Gjev oss eit sant lydbilete om oss sjølve, frå vår tids musikk og farne tider. Gamalt og nytt, profesjonell og amatør.

Dersom NRK snart endrar musikkprofilen, kan vi unngå å bli kulturelle analfabetar om den kortreiste musikken. Eg forventar ei snarleg og positiv nyorientering.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg