Fylkeskommunen bør ikkje eige Hordfast AS

Det er lite fornuftig bruk av skattepengane å kjøpe aksjar i eit selskap som har som hovudformål å jobbe mot seg sjølv.

GIGANTPROSJEKT: Hordfast AS er oppretta av NHO for å realisere gigantprosjektet ny veg og bru over Bjørnafjorden som del av ferjefri kyststamveg E39. Illustrasjon: Statens vegvesen

Marthe Hammer
Nestleiar utval for miljø og samferdsle, Hordaland fylkesting (SV)

Om eitt år skal fagetatane leggje fram nytt forslag til Nasjonal Transportplan (NTP). Sist veke handsama Hordaland fylkeskommune, utval for miljø og samferdsle (MISA), ein søknad frå pådrivarselskapet Hordfast AS om å gå inn som eigar gjennom kjøp av aksjar.

Hordfast AS er oppretta av NHO for å realisere gigantprosjektet ny veg og bru over Bjørnafjorden som del av ferjefri kyststamveg E39. Hordfast AS ønskjer å knytte kommunane og fylkeskommunen nærare opp til arbeidet som blir utøvd av selskapet, og til arbeidet med ein framtidig bompengesøknad.

Denne våren har derfor Hordfast AS fridd til kommunane langs traseen, og no til slutt til fylkeskommunen. Mange kommunar har sagt ja, men eg er glad for at Hordaland fylkeskommune ved MISA nyleg sa nei, i denne omgang.

Fylkeskommunen er ein avgjerande høyringsinstans i prioriteringa av samferdsleprosjekt. Sjølv om det er Stortinget som endeleg vedtek NTP, er det vanskeleg å kome forbi fylkeskommunane sine eigne prioriteringar. Derfor er det viktig å sikre innflytelse i fylkeskommunen sin behandling ved å få fylkeskommunen med som eigar i pådrivarselskapet.

Men det er lite fornuftig bruk av skattepengane å bruke dei til å kjøpe aksjar i eit selskap som har som hovudformål å jobbe mot seg sjølv.

Men hovudgrunnen til at Hordaland Fylkeskommune ikkje bør vere medeigar i Hordfast AS, er at Hordfast er i strid med vedtekne regionale og nasjonale klimamål i Klimaplan for Hordaland, samt nasjonale målsetjingar i Klimaforliket og Parisavtalen.

Utbygging av E39 legg til grunn kraftig trafikkauke, som vil måtte føre til meir trafikk inn mot bergensområdet. Det er stikk i strid med ambisjonane om nullvekst i biltrafikken inn til Bergen. Heile kongstanken om Stord-Bergen som felles bu- og arbeidsmarknad undergrev det gode arbeidet for å få fleire til å gå, sykle og nytte kollektivtrafikk til og frå jobb.

Hordfast fører òg til uakseptabel øydelegging av verdifull natur i Sunnhordland, over Bjørnafjorden og i Stord, Tysnes og Os. 40 viktige naturtypar av nasjonal og internasjonal verdi, som vi har eit særleg forvaltningsansvar for, vert råka – deriblant fleire regnskogområde på Tysnes.

Det er håp om at når den etterspurde 3D-filmen av prosjektet vert lansert, så vil det avsløre dei omfattande landskapsinngrepa ein firefelts motorveg vil føra til i dei sårbare kystområda.

Fylkeskommunen valde å ikkje kjøpe aksjar i Hordfast AS no, men saka er ikkje avgjort. SV er i alle fall tydeleg. Hordfast bør skrinleggjast, og det same må ein gjere med søknaden om å kjøpe aksjar i Hordfast AS.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg