Full støtte til Bergstø!
Omtalen av Røkke var ikkje ei hatefull ytring, men ei politisk poengtering.
- Alexander Papas4. kandidat til fylkestinget for Vestland SV

Eg er samd med Haakon B. Schrøder i BT 20. mars når han held fram at han likar politikarar som utfordrar og brukar kreativ retorikk for å fremja politikken sin. Resten av innlegget er eg tvert imot heilt usamd i.
Dels fordi eg er usamd i dei få saklege argumenta, dels fordi eg ikkje har sans for den usaklege kritikken, men aller mest fordi eg var til stades under landsmøtet og veit kva Bergstø snakka om.
Ho snakka om den politiske situasjonen, peika ut retninga for partiet vårt og fleire politiske saker, slik ein partileiar bør og skal gjera. Bergstø tala til partiet sitt øvste organ og eit rom som, med få unnatak, var fullt av ivrige sosialistar. Då meiner eg det må vera greitt å ta litt i!
Morten Myksvoll: «Leiarskiftet endrar ikkje SV. Men det er ikkje sikkert veljarane er einige».
Så var det denne utsegna som Schrøder meiner er ugrei. Den kom som eit poeng i ein del av talen der skatt og skatteflukt var temaet. Utsegna gav appell. Ikkje fordi me er ein gjeng utan peiling på verdiskaping, slik Schrøder på usakleg vis lirer ut av seg, men fordi me kjenner historia.
Røkke har bidrege til verdiskaping, men historia som Bergstø sikta til, handlar om eit ran. For mange år tilbake lova Røkke arbeidsplassar og verdiskaping i nord, og fekk kjøpa kvotar, trålar og heile fiskeindustriar billeg. Det viste seg å vera ein bløff. Han selde seg ut i 2016. Røkke sat att med 1,6 milliardar kroner, medan fleire kystsamfunn blei ribba for arbeidsplassar og ressursar.
Utsegna til Bergstø var ei skildring av verkelegheita. Bergstø sine ord var ikkje ei hatefull ytring, men ei politisk poengtering. Det var ikkje meint som eit personangrep, men beint fram politisk. Derfor er det uforståeleg å påstå at Trump ikkje er så ille til samanlikning.
Rikingane er ikkje ei sårbar gruppe som må tola så altfor mykje. Det er usmakleg når deilig privilegerte menneske som har tent seg styrtrike på fellesskapen sine ressursar, blir omtala som ein stakkarsleg minoritet som folk skal ha djup medkjensle for. Det synest eg er lågmål.