Eg har fått nok av influensarar
Ingenting kan leggast ut før det ser instagramvenleg ut. Det er trist og kvalmande.
- Marit Kvamme-VikLeknes

Bloggar, instagrammar, tik-tokar – med fleire. Sjølv om det ikkje er til å fatta – dette er vorte vanlege yrke å ha. Pengane sit laust hjå sponsorar, dersom du gjer nok ut av deg og har mange følgjarar. Eit liv der ein styrer eigen arbeidsdag. Eit liv der pengane renn inn på konto, i takt med bileta ein postar av seg sjølve. Freistande? Heilt sikkert!
Dei er med i eit kappløp med andre menneske som lever av det same – om å halda seg aktuell. For å halda seg aktuell, må ein gjerne gjera det eg vil sei er kontroversielle ting. Sjokkera litt. Kamera er med både på toalettet og fødestova. Rom som for dei fleste er private.
NRK forklarer seg om Sophie Elise-saken: – Vi har et ansvar
Det verste eksempelet eg kjem på, var då Iselin Guttormsen tok følgjarane med inn i dusjen etter samleie med mannen, for å visa korleis ein «tømmer seg». Det viste for meg kor gale det kan gå når ein lever av å bretta ut livet sitt. Og – i denne samanhengen – underlivet sitt.
I beste sendetid går eit program på TV 2 som er inne i sin 18. sesong. «Bloggerne», heiter det. Eg har av rein nysgjerrigheit sett litt på det. Eg kallar det narsissist-TV.
Det er skremmande å sjå på eit program som utelukkande handlar om menneske som lever av å visa fram seg sjølve – i eit program der dei gjer det same: viser fram seg sjølve.
Dei har venninner på besøk; ikkje for å drikka kaffi og prata, men for å «hjelpe meg å ta bilete og filme til SoMe». Dei kan ikkje ta seg ein tur til skogs for å nyta ein kopp kakao eingong, før kakao og bollar er nøye dandert og dokumentert.
I forsamlingar høyrer eg ikkje ein einaste gong influensarar spørja dei som er rundt dei: «Korleis går det med deg?» Det handlar eine og aleine om dei. Meg og mitt. Eg finn det rett og slett kvalmande.
Ungane til influensarane får ofte jobb som levande reklameplakatar. Med sponsa bursdagspynt sit den stolte fire–fem-åringen og smiler mot kamera. Etter redigering og riktig formulert tekst er biletet delt til tusenvis av framande. Kva nytte gjer det eigentleg for omverda å sjå ein framand person sin unge feire barnebursdag? Og ikkje minst: Kva gjer det med ungen når hen seinare i livet oppdagar at mor og far tente pengar på bursdagsselskapet?
Eg undrar korleis ein slik dag er for ungane, når det genuine og private nesten ikkje eksisterer. Når dei ikkje stolt og spontant kan gi armbandet dei har perla, eller teikningar dei har teikna til mor på morsdag – før alt og alle ser Instagram-venleg ut. Eg vert trist berre av tanken.
Ein kan og bruka ungane når mor og far sitt følgjartal går nedover, og dermed også inntekta. Då kan ein for eksempel gjera som Pilotfrue og piloten: Gi toåringen sin ein Iphone i julekalenderen. Agnet er ute, og media bit på. Så held dei seg aktuelle ei stund til, før dei må finna noko nytt å sjokkera med for å tvihalda på den raskt dalande populariteten.
Stakkar, stakkar born.
Emilie Nereng om hetsen, depresjonen og pengene
Det eg undrar mest på, er kva som skjer i hovudet over tid til ein person som lever av «klikk og likes». Det må då til sist enda opp med at ein ikkje klarar å nyta korkje livet, dei rundt seg, eller – ironisk nok – seg sjølve? For ein må vel verta passe sjølvkritisk når ein lever av å posta bilete og videoar av seg sjølv? Når ein deler alt av privatliv?
Vert ein ikkje prega av ei aning sosial angst når ein brettar ut heile livet sitt? Når ein går på gata blant dei same menneska som kommenterer stygt til dei i kommentarfeltet?
Då er det iallfall flaks for dei at dei ikkje treng blåsa pengar på psykolog. Dei kan nemleg berre setja kamera på, og filma når dei bryt saman i tårer over kor beintøft livet er – for så å posta det til allmenta med emneknagg livetsuger.
No vel dei sjølv dette livet, og dei lever nok fint med det. Men dei som ikkje vel, er ungane våre. Dei som får ei verd der å kjøpe nye tenner, bryst og større lepper er like normalt som å kjøpa sko, innprenta frå ung alder. Når sjølv eg som godt gift og 40 år vert så påverka at eg vert ståande i spegelen og lura på om eg ikkje skulle ha jevna ut årringane rundt auga mine, ja, så tør eg ikkje tenka kva det gjer med eit usikkert barne- og tenåringssinn.
Eg håper denne sinnssjuke utviklinga stoppar snart. At me tar eit og to steg tilbake og spør oss sjølve kva i alle dagar me held på med. Før det vert ein generasjon som er så sjølvsentrert og sjølvforherligande at dei ikkje klarar å sjå og bry seg om medmenneske. Før me får mange fleire born og unge som er så usikre på seg sjølve, at det vert skadeleg. Før det vert like vanleg å be om pengar til plastisk kirurgi som å be om pengar til laurdagsgodt. Før born ikkje får vera born meir.
For at galskapen skal stoppa, må både TV-kanalar og sponsorar gå i seg sjølve – spørja seg om dei vil bidra til denne utviklinga. Men me som «klikkar og liker», har også eit stort ansvar – kanskje det største.
- Kva vil du skrive om? Send eit innlegg til debatt@bt.no! Usikker på korleis ein gjer det? Sjå tips på denne sida.