Vindkraft på land kjem med ein skyhøg kostnad
Kraftdirektørar som oppmodar til meir utbygging av kraft, må møtast med skepsis.
- Knut LangelandSalhus

Kraftdirektørar som attpåtil har private økonomiske interesser i å byggja ned fjellheimen med vindindustri, som Erik Espeset i Tafjord Kraft, må møtast med endå større skepsis. Dei vil alltid kunna mistenkjast for å mjøle si eiga kake.
Espeset er grunneigar i Indre Sunnfjord og har skrive kontrakt med Fred Olsen Renewables, som ønskjer å byggja vindkraft i Høyangerfjella. Dette er eit påfallande underkommunisert poeng i Espeset sitt debattinnlegg i BT 13. januar.
Med ein snål blanding av smisk, smiger og selektiv talkunst prøver Espeset å lokka oss sør for Sognefjorden til å «stilla areal til disposisjon for utbygging av landbasert vindkraft», som det så fint heiter.
Ove hadde drømmehytten. Så kom turbinene.
Eg vil minna Espeset om at dei fleste lokaldemokratia sør for Sognefjorden alt har gjort ei avveging av følgjene av vindkraft. Samtlege har konkludert med at dei negative følgjene er klart størst.
Espeset sitt utspel er eit spekulativt og uansvarleg, men, akk, så føreseieleg, forsøk frå ein bransje heilt utan magemål på å slå mynt på ein fortvilt situasjon. Ikkje nok med at vindkraft løyser klimakrisa, det løyser forbrukarane sine betalingsproblem òg.
Det er både umoralsk og ureieleg.
Motstanderne klaget og seiret. Her blir det likevel ikke vindkraftverk.
Straumprisen i Sør-Noreg blir fastsett utanfor Noreg. Det gjer at ny vindkraft i Noreg kjempar mot ein enormt mykje større marknad. Priseffekten vil såleis vera marginal, om nokon. Det som meir truleg vil skje, er at eit nytt vindkraftverk, som det Espeset vil tena pengar på i Høyangerfjella, får gleda av å selja straumen til europeiske prisar.
Eg kan ikkje så mykje om prisområda NO3 og NO5, men eg er godt kjend med naturen sør for Sognefjorden. Den er uendeleg verdfull. Den er kvardagsnatur, helgenatur og ferienatur, potensielt for ein halv million fastbuande, i tillegg til tallause tilreisande. Men ikkje minst er han heimen til rev, rein og rype, og fleirfaldige andre av våre umælande medskapningar, somme av dei freda, somme raudlista.
Når Espeset i ei slags pønsjline slår fast at landbasert vindkraft «er den rimelegaste storskala forma for fornybar energi i dag», så er det ut frå ei forkvakla oppfatning om at denne heimen, og desse verdiane, dei kan vi menneske fritt, gratis og ustraffa forsyna oss av nett så mykje som vi vil.
Det kan vi ikkje. Vindkraft på land kjem med ein skyhøg kostnad. For alle dyr, og for det store fleirtal av menneske. Om du då ikkje er grunneigar, som Espeset.
Knut Langeland er tidlegare journalist i BT.
Les mer om dette temaet
Mest lest akkurat nå
– Jeg har vært prest i 37 år, og jeg har aldri noensinne sett så mange blomster i en begravelse
Her kommer en ny «bydel». – Blir slik man typisk ser i Oslo.
I 100 år har selskapet holdt hus her. Nå er det slutt.
Tatt i 129 km/t i 60-sonen
Her blir det ny skule
Verdensstjernene på plass i Bergen: – Slike festivaler vi liker