Eit levd liv og alle tinga som ligg att
Det er ein vemodig jobb å rydde etter eit liv. Nokon burde skrive ein song om dette.
- Ranveig Lovise BungumBergen


Har du tenkt på dette med å samle på ting? Du kjem til denne verda. Og på eitt eller anna tidspunkt så startar du å samle på ting og ta vare på ting.
Har du tenkt på kvifor vi gjer det? Kvifor er det slik at du mange år etter at du var ferdig med finskriftboka frå 3. klasse, faktisk finn den igjen? Kvifor tok du vare på den? Kva skulle den fortelje?
Kanskje synest du at du hadde lagt så mykje arbeid i boka at det var for gale å kaste den? La gå med den finskriftboka. Men kvifor tok du vare på alle dei utskrivne kladdebøkene i matematikk frå 6. klasse? Kvifor tok du vare på russedressen din? Kvifor har du ikkje kasta drikkekoppen med den oppbygde tuten som eldstemann brukte for 20 år sidan?
Nokon meiner at vi tek vare på ting fordi tinga fortel oss sjølve og andre om kven vi er. Tinga våre fortel historia vår. Er det slik det er, trur du?
Det er den første morgonen i det nye livet. Natta som akkurat er ferdig, har vore den tyngste i livet til no. Dagen før vakna eg saman med han som denne morgonen ikkje er her lenger. Den tomme delen av senga vår, sida av senga der han låg, blir det talande, skrikande provet på det meiningslause som har skjedd.
Han er borte, gjekk ut av livet, på eiga hand.
Eg set meg på sengekanten, bøyer meg fram og gjev rullegardina det puffet den treng for å trekke seg opp. Eg ser at sola faktisk har stått opp. Det er med undring eg registrerer nettopp dette. Den mørke og vonde natta er over, det er faktisk lyst ute.
Eg reiser meg og går rundt senga. På golvet ser eg at det ligg eitt par skitne sokkar og ei t-skjorte på vranga. På stolen ligg turbuksa hans og ei fleecejakke. Eg bøyer meg ned og plukkar opp t-skjorta. Eg legg ansiktet inntil t-skjorta og trekk inn lukta av han som er borte.
Kva skal eg gjere med dette, tenkjer eg? Skal eg legge kleda i skittentøyskorga, for så å bere dei ned i vaskerommet og vaske dei, henge dei opp og så legge dei på plass i kommoden, slik eg så mange gonger har gjort? Eller skal eg kaste dei?
Idet eg bøyer meg ned og plukkar opp desse kleda, forstår eg at ein stor og tung jobb ligg framfor meg. Eg skal rydde etter eit liv og eit samliv som likevel ikkje vart.
Det er ein vemodig jobb å rydde etter eit liv. Nokon burde skrive ein song om nettopp dette. Eg skriv ikkje songar – eg skriv dette.
Etter kvart som eg ryddar, ser eg at alle tinga hans fortel ei historie. Dei fortel ei historie om kven han var. Mannen min var ein som ganske tidleg i livet sitt starta å samle på ting. Leikebilar, bamsar, Donald, Sølvpilen, frimerke, bilete, kassettar, små plastfigurar, kladdebøker, teikningar – alle desse tinga fortel meg kven han var som barn, kven han var som ungdom og kven han var før han trefte meg.
Alt dette har han samla i ei kasse. Eg ser kor fint han har lagt alt nedi, alt har sin plass oppi der. I ei anna kasse ligg alle LP-platene hans. Dei kosta ei formue den gongen dei vart kjøpt. No er dei fint plasserte i ei pappkasse og berre ventar på å bli tatt fram igjen. Han må ha tenkt det, at han skulle ta dei fram igjen.
For eg finn to platespelarar, som ikkje fungerer. Oppå den eine platespelaren ligg ei lita eske. Inni eska er det ein heilt ny stift som passar til den eine platespelaren. Så hadde han altså ein plan om å få spelt dei gamle LP-platene sine igjen.
Skap for skap, hylle for hylle – eg går gjennom alt som er hans. Viktige papir, uviktige papir – alt må sjekkast slik at eg ikkje kastar noko som kan fortelje meg meir om kven han var og kvifor han gjorde som han gjorde.
For fire år siden fant Sølvi sønnen død på gutterommet. Hun skulle ønske hun hadde blitt oppsøkt av et kriseteam.
I ei minneeske samlar eg dei tinga som er ekstra nære for meg. Kort eg har skrive til han, og dei han skreiv tilbake til meg. Oppi der ligg og teikningar frå jentene –«Til verdas beste pappa», står det på dei med store barnlege bokstavar. Til slutt tar eg av meg gifteringen min. Eg legg den saman med hans ring oppi minneeska.
Nettene er ikkje til å halde ut. Den tomme delen av senga er så tom. Stilla i natta er så stille. Eg saknar lyden av pusten hans. Eg saknar å kunne lirke handa mi inn i handa hans. Å la vere å gå og legge seg, er i lengda inga god løysing.
Ein morgon står eg opp og hektar av hans del av senga. Eg legg den ut for sal, og etter eitt par dagar kjem det ei dame og kjøper senga. Ho skal ha den på hytta si, fortel ho. No er det ei enkelseng igjen – ei halv seng til eit halvt liv, slik kjennest det.
Vi er for dårlig forberedt på døden
Det er eit analogt liv, og det er eit digitalt liv. Det digitale livet må det òg ryddast i. Mailen hans, dokument som er lagra, bilete – noko skal slettast, noko skal takast vare på. Eg lukkar hans digitale liv og.
Det er ein tung og vemodig jobb å rydde etter eit levd liv. Det kjennest som om eg aldri skal bli ferdig. Nokre gonger grin eg, andre gonger er eg sint. Innimellom snakkar eg halvhøgt til han som er borte og spør han kvifor han tok vare på alt dette. Eg kjenner at han liksom er der, sit på stolen i hjørnet og ser på meg. Når eg merkar det, så grin eg, fortvilinga og saknet er så stort.
Eg tenkjer på at nokon ein gong skal rydde opp etter mitt liv.
Eg har og samla på mange ting slik som klede, bøker, fine pyntekoppar, alle mappene mine på datamaskina mi, bilete på telefonen. Ting som fortel meg sjølv og andre om kven eg er.
Når den tida kjem at nokon skal rydde etter mitt liv, så vil eg sørgje for å ha rydda litt betre på førehand enn han som eg no har rydda etter. Du finn til dømes ikkje skitne sokkar igjen på golvet etter meg når eg går ut i verda kvar morgon.
Innlegget vart først publisert på Psykologisk.no.